Torleiv Birkeland er død

Like før helga fekk vi bod om at Torleiv Birkeland i Lyngdal døde sist veke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Torleiv var i mange år og heilt fram til sin død aktiv og ein berebjelke både i Venstre, i Lyngdal Idrettslag, i kulturlivet i Lyngdal og var også ein svært aktiv og godt likt styremedlem i Agder Fotballkrets frå 2009. Han var med i arrangørstaben i fotballcupar både i Lyngdal i fleire tiår og på kretsplan. Han var speaker og hjelpesmann, alltid med stor arbeidsvilje og arbeidsevne og eit godt smil.

I denne siste kommunestyreperioden var han varamedlem, etter å ha vore kommunestyremeldem i tidlegare periodar. Torleiv Birkeland var også blant anna styreleiar i Lister Friluftsråd i denne kommunestyreperioden.

Alle stadar gjorde han eit solid, godt og framtidsretta arbeid.

Vi lyser fred over Torleiv Birkelands minne.

For Agder Venstre

Jan Kløvstad
sekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**