Venstres miljøvennlege veg

Det er noe galt i konkurranseforholdet mellom trailer og tog når all post og all annan godstransport (bortsett frå Coca Cola) mellom Stavanger sentrum og Oslo sentrum går på trailer på E39 og E18 gjennom natta, skriv fylkessekretær Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Dette fører både til auka utslepp, farlegare veg for alle som køyrer på og bur ved E39 og E18, – og farleg arbeidsmiljø for dei lastebilsjåførane som må vere på arbeid på vegen. Meir gods på tog og båt er betre for miljøet enn gods på lastebil og trailer. Derfor vil Venstre gjere det rimelegare å frakte gods mest mogleg miljøvennleg.

E18 Bremsespor

Foto: Jan Kløvstad

Venstre er hovudkrafta og "den politiske oppfinnaren" bak el-bilrevolusjonen, som vi når ser gir enorm framgang for personbilar og varebilar for korte avstandar og små godsmengder. Samtidig er eit resultat av el-bilpolitikken at samtlege nye modellar av bilar og lastebilar også med bensin og diesel er meir miljøvennlege enn forrige modell. Nå er det også miljøvennleg biobrensel på veg, testa ut på fly Bergen-Oslo for få dagar sidan. Dette er lovande og bør bli helst med glede.

Ola Elvestuen prøver elbilen iMiev fra Mitsubishi

Foto: Venstre (LKF)

Også dei mest moderne lastebilmotorane godkjent etter nyaste standardar er meir miljøvennlege enn før, som regionsjef Reidar Retterholt i Agderposten og Kjell N. Nilsen i Fædrelandsvennen, begge Norges Lastebileierforbund, peikar på i to identiske innlegg i avisene. Lastebileierforbundet bør støtte alle tiltak venstre foreslår for å få bransjen meir miljøvennleg.
Med Venstres politikk vil dei miljøvennlege i lastebilbransjen få fortrinn. Neste steg frå oss er å sette klare miljøkrav for å kunne frakte gods på norske vegar. Da framstår toget som vinnar der tog er mogleg, med dei mest miljøvennlege lastebilane på ein svært god andreplass. På sisteplass kjem utanlandske — og norske — miljøverstingar. På same vis som vi stoppar vogntog som har glatte og farlege dekk, vil Venstre stoppe miljøverstingane på vegen. Dette vil gi ein veldig klar effekt: "Det beste politikerne kan gjøre, er å sørge for at transporten skjer med moderne miljøvennlige kjøretøyer, på moderne og gode veier, styrt av transportbedrifter med gode hensikter og kontroll", skriv Reidar Retterholt/Kjell N. Nilsen. Dette bør Venstre og Norges Lastebileierforbund raskt kunne bli samde om, ved å sjå noen få trekk framover. Venstre er både næringsvennleg og miljøvennleg, og særleg vennlege for dei som vil drive miljøvennleg næring.

Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Agder Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**