Kristian Sundtoft er død

Venstremennesket og den store samfunnsbyggaren Kristian Sundtoft er ikkje lenger blant oss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Kristian Sundtoft meldte seg inn i Venstre i 1998, etter 44 års medlemsskap i Høgre. Han var kommunestyremedlem for Venstre i Lillesand, han var aktiv på fylkesårsmøte og i dei årlege sommarsamlingane med Odd Einar Dørum heime hos Tora og Anders Buestad i mange år. Kristian var ein viktig rådgivar både på barrikadane og bak kulissene, ein samtalepartnar som ga mange gode råd også til oss litt yngre.

Han bidro med råd både lokalt, på fylkesplan og ikkje minst til sentrale Venstrepolitikarar på landsplan. Han hadde politisk bakgrunn i Høgre som ordførar, fylkesordførar og leiar i Kommunenens Interesseorganisasjon KS. Han har fått Kongens fortenstmedalje i gull for det store arbeidet sitt. For oss i Venstre var det ein veldig inspirasjon å få ein slik varm, sosial, kunnskapsrik og framtidsretta person med på laget.

Nå er han borte, og vi sit att med gode minner og meir kunnskap fordi vi var heldige å bli kjent med han.

Familien sit att med eit tomrom etter eit varmt og engasjert familiemenneske.

Jan Kløvstad
sekretær i Agder Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**