Minneord om tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Bjorvatn

Øyvind Bjorvatn døde 9. februar etter ei kort tid med sjukdom, nesten 84 år gamal. Han blei født på Bjorvatn på Øynaheia, i det som da var Herefoss kommune. Det meste av oppveksten var på Birkeland som eldst i ein søskenflokk på fem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Øyvind Bjorvatn

Øyvind Bjorvatn
Foto: Jan Kløvstad

I tunge krigår var mora Åse aleine med ungane. Far Aslak blei arrestert av tyskarane og sendt i fangenskap, først til Grini og så vidare til Sachenhausen i to lange år. Øyvind Bjorvatn var heile livet prega av krigen, med ein konsekvent og aldri kvilande strid for menneskerettar, ytringsfridom og demokratibygging i alt han gjorde. Og han gjorde mykje, for mange. Han var politikar, forfattar, historikar, foredragshaldar, debattant — ein samfunnsbyggar av dei sjeldne på Sørlandet.
Øyvind Bjorvatn gjekk på Hornnes landsgymnas og tok lærareksamen ved Kristiansand lærerskole i 1954. Han arbeidde som lærar samtidig som han tok over slektsgarden Berge i Holt — og blei cand. philol. i 1962 med historie hovudfag og avhandling om Kristian Lofthus. Han var heile livet ein mann med arbeidslyst, og han fekk gjort ufatteleg mykje både heime, i lokalsamfunnet og for heile Sørlandet. 34 år gamal blei han stortingsrepresentant for Venstre, og fekk straks ein sentral posisjon i sentralstyret i Venstre og som sekretær i samferdslekomiteen. Aust-Agder har truleg aldri hatt ein meir aktiv stortingsrepresentant, alltid på farta, for enkeltmenneske og for bedriftsetablering, i spaltene i Agderposten, på husbesøk, som ein av sjefsarkitektane bak industrivekstanlegget på Akland, i jernbane- og vegplanlegging, leiar i Landsdelsutvalget for Agder og Rogaland på 1970-talet og ei stadig viktigare stemme i stortingsgruppa. Helge Seip har fleire gonger sagt at Øyvind Bjorvatn var blant dei fremste i den generasjonen Venstre-politikarar, ein av dei to-tre som var peika ut til å bli dei neste regjeringsmedlemene for Venstre.

Trine Skei Grande les Øyvind Bjorvatn om Gunnar Knudsen

Trine Skei Grande les Øyvind Bjorvatn om Gunnar Knudsen
Foto: Jan Kløvstad

Men Venstre sprakk i EF-striden i 1972. Øyvind Bjorvatn var for norsk EF-medlemskap og var med på å starte Det Liberale Folkepartiet, der han også ei tid også landsformann. Øyvind kom tilbake til Tvedestrand, til garden Berge, historielagsarbeidet — og etter ei tid også som lektor. Mange meiner han var den beste læraren dei noen gong har hatt. Han var leiar og årboksredaktør i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand. Seminarsalen på Holt prestegard, Holt skolemuseum, Smithesamlingane, Tvedestrand Museum – Forvaltergården, bystene av Arne Garborg og Knud Knudsen er blant dei mange varige minnesmerke etter hans initiativ og ein sjeldan god evne til samarbeid og inspirerande leiarskap. Frå han blei pensjonist i 1998 kom det minst ei bok signert Øyvind Bjorvatn kvart år heilt til 80-årsdagen. Frå 2005 skreiv han spalten “Fra hornet” i Agderposten, kvar veke. Sjølvsagt fekk han kulturprisen i Tvedestrand, han fekk fylkeskulturprisen og Kongens fortenstmedalje. Han vann bokbyens pris for Årets Tvedestrandsbok fem år på rad, han har fått eit eige rom på hotellet og midt i Tvedestrand sentrum er Øyvind Bjorvatns plass. Han var æresmedlem både i historielaget og i Bokbyen ved Skagerrak.

Han kunne mykje. Han var eit nysgjerrig og søkande menneske, ein som alltid var på jakt etter løysingar, samarbeid og framsteg. For oss som er aktive i Venstre og lokalpolitikk nå var han ein aktiv og kunnskapsrik rådgjevar heilt til det siste. Han kunne kunsten å formidle — og lytte — både på kateteret, på talarstolen og i dei mange og gode samtalane over ein kopp te i bokbyen og heime i Østerkleiv i Tvedestrand.
For alle oss som er så heldige å ha hatt Øyvind Bjorvatn som nær venn er det eit stort tap at han nå er borte. For familien og dei nærmaste er sorga enda større. Vi sender varme tankar til dei. Vi er takksame for at vi fekk kjenne han. Namnet og livsverket hans vil bli ståande, lenge.

Jan Kløvstad
Bokbyarbeidar og fylkessekretær i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**