Foto: Bård Ek

Vossaøkonomien må under kontroll!

Økonomien til Voss kommune er sterkt pressa. Fjoråret gjekk ut med eit stort driftsunderskot. I perioden framover må både administrasjonen og politikarane få betre kontroll. Dette blir understreka i eit lesarinnlegg i lokalavisa «Hordaland» 27.august, skrive av ordførarkandidaten Torstein Gunnarson

Gunnarson
Foto: Ukjent

Venstre har i kommunestyre og formannskap/utval for plan og økonomi vore svært opptatt av budsjettsituasjonen, har understreka behovet for realistiske budsjett, at budsjett og økonomiplan for dei neste 3 åra må sjåast i samanheng og at drøftinga av desse må byrja alt om våren. Når rekneskapsrapportar peikar mot underskot, må administrasjonen samstundes koma med forslag til inndekning — ikkje berre føreslå "ta til orientering". .

Først no i 2011 fekk Venstre tilslutning av det politiske fleirtalet til dette. Eit første notat om økonomisituasjonen blei lagt fram før sommarferien. I formannskapsmøtet 17. aug. fekk vi så ein omfattande analyse av Voss samanlikna med andre kommunar, og særleg om utgiftene til ulike oppgåver.

Men dette er berre eit hjelpemiddel. Eit budsjett skal setjast opp i ei samla vurdering av nødvendige utgifter, inntekter og politiske målsetjingar.

Det må derfor arbeidast aktivt også med inntektssida. Fleire innbyggjarar og fleire arbeidsplassar er nøkkelord. Etter forslag frå Venstre vedtok derfor formannskapet 17. aug. samrøystes å be om eit notat til neste møte om aktuelle tiltak for å få fleire innbyggjarar. Og det er å vona at den snart ajourførte næringsplanen kjem opp med framlegg til konkrete tiltak.

Samstundes må vi via stortingsrepresentantar arbeida for at kommunane får behalda meir av sktteinntektene.

Uansett vil Venstre også framover vera svært opptatt av at kommunen skal ha ein sunn økonomi — som gir handlingsrom for politiske prioriteringar — og under aktiv politisk styring!