Foto: Bård Ek

Generalsekretær Terje Breivik til representantskapsmøte og lpn!

Møre og Romsdal Venstre er så heldige å få besøk av generalsekretær Terje Breivik til samlinga i Molde til helga. Terje blir med både på representantskapsmøtet på laurdag, og lokalpolitisk nettverk på søndag.

Terje Breivik
Foto: Rune Kongsro

Det er enno ikkje for seint å melde seg på, men det byrjar å haste, særleg for den som vil overnatte frå laurdag til søndag. For den som vil vere med berre på dagtid, held det med påmelding innan torsdag/fredag.

Påmelding til Jim Erik på: jie-joha@online.no

Vi startar med representantskapsmøte laurdags morgon, «tjuvstartar» på lokalpolitisk nettverk seint laurdags ettermiddag, og brukar heile søndagen til lokalpolitisk nettverk. Dermed skulle det vere råd å vere med berre ein av dagane, og likevel ha godt utbyte av å ha møtt!

Programmet for helga blir slik:

Laurdag 22. oktober — representantskapsmøte

09:30 ankomst, innsjekking, registrering

10:00 velkomen v/leiar, Helge Hamre
val av ordstyrarar, redaksjonsnemnd og skrivarar

10:10 oppsummering av valet i fylket v/gruppeleiar Iver Nordseth

10:25 lokallaga fortel om sine erfaringar og resultat frå valet

11:10 Venstre frå 2011 til 2013 v/generalsekretær Terje Breivik

11:25 innleiing til generell politisk debatt v/fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde

11:45 generell politisk debatt

12:20 styret orienterer om innkomne fråsegner

12:30 lunsj

13:00 næringspolitisk debatt med utgangspunkt i Venstre si næringspolitiske plattform: «Verdiskaping for framtidig velferd». Pål Grødahl, leiar i Ulstein Venstre, innleier.

14:30 Handsaming av innkomne resolusjonar

15:00 orientering og debatt kring tema til årsmøte 2012 i Møre og Romsdal Venstre i Ålesund

16:00 avrunding v/leiar Helge Hamre

16:30 «tjuvstart» på lokalpolitisk netteverk med 3 parallelle sesjonar, som blir køyrde oppatt på søndag (sjå program på søndag for innhald)

18:00 slutt dag 1

19:00 middag i same m/påfølgjande sosialt samvære og kulturelle innslag

Fråsegnene må vere innlevert seinast kl 11 møtedagen. Det beste er om ein har dei klare nokre dagar før møtet, så får vi sende dei ut til møtedeltakarane i førekant.

All møteaktivitet begge dagar, lunsj og middag, blir i lokala til Molde bryggeri (sjå vedlegg i eposten).

Etter/under middagen blir det òg eit kulturelt innslag.

Søndag 23. oktober — lokalpolitisk nettverk

10:00 velkomsthelsing til nye deltakarar v/leiar Helge Hamre

10:15 Venstre fra 2011 til 2013 — v/generalsekretær Terje Breivik

10:30 oppstart av lokalpolitisk nettverk, med paralelle sesjonar/småkurs, som på laurdag

Kjenneteikn på eit velfungerande lokallag
Her går vi inn i dei praktiske gjeremåla i eit lokallagsstyre. Kva er leiar sine oppgåver? Korleis arbeider ein velfungerande kasserar? Når skal ein halde årsmøte?
Sigurd Heiervang og Britt Giske Andersen

Frå idè til politisk vedtak og handsaming/Tale- og debatteknikk
1.Kva metoder fungerer for å få gjennomslag i saker ein vil ha på dagsorden? Kanskje reiser du heim med ein klar idè om korleis du skal gripe an ei sak frå valprogrammet?

2.Mange føler seg usikre i forhold til å ta ordet i møta den første tida som nyvald. Korleis får vi ordet, held på det, får det att og ikkje minst; korleis ordlegg vi oss for å overtyde andre om våre fortreffelege idèar?
Ragnhild Helseth og Helge Hamre

Arbeid med budsjettet — den viktigastse saka i året?
Straks etter konstitueringa må kommunestyra ta tak i saka kring neste års budsjett og økonomiplan for dei påfølgjande tre åra. Dette kan vere ei utfordring for mange å setje seg inn i, få oversikt over og kome med forslag om endringar og tillegg. Heldigvis finst det råd, både i posisjon og opposisjon!
Terje Breivik

12:00 lunsj

13:00 andre økt med paralellsesjonar/småkurs

14:30 pause

14:45 Avsluttande økt i plenum – Profilering og omdømmebygging

15:30 Heimreise