Venstres ledertrio: Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivik, Foto: Jo Straube / Venstre

Venstre går for E39 over Lote-Anda/Kvivsvegen (K4)

Venstre si fylkestingsgruppe vil røyste samla for alternativ K4 Lote-Anda/Kvivsvegen i fylkestinget si handsaming av KVU for E39 Skei-Ålesund.


Det er klart etter møte i Venstre si fylkestingsgruppe tysdag kveld. Venstre meiner dette er eit tenleg val for å sikre regional utvikling og god utnytting av investeringar i infrastruktur i regionen fram til i dag, samtidig som traseen gir betydeleg reisetidsinnsparing og framtidig ferjefri E39 med ferjeavløysing.

Dette er også det trasealternativet Venstre varsla støtte til før fylkestingsvalet. Fylkestingsgruppa kan ikkje sjå at det har kome til avgjerande nye moment i saka som gir grunnlag for å gå bort frå dette valløftet.

Venstre si fylkestingsgruppe:
Marit Barsnes Krogsæther (Flora), Klaus Iversen (Vågsøy) og Alfred Bjørlo (Eid).

Kontaktperson: Marit Barsnes Krogsæter tlf. 909 98 121