Foto: Bård Ek

Sjukeheimsplassane er ikkje i fare!

Ordførar Olav Kasland har skrive følgjande lesarinnlegg som svar på Ap’s innlegg sist veke om helse- og omsorgsbustader i Bø.


I Bø blad sist veke hadde Ap eit langt innlegg om helse — og omsorgsbustader i Bø. Det er mykje å sei om det innlegget, men la meg forsøke å fatte meg kort.

I det siste avsnittet står det: "Me stend på dei vedtatte utbyggingsplanane for sjukeheimen og omsorgsbustader, samt for å ikkje auke eigedomsskatten meir enn naudsynt for å klare dette nødvendige løftet innan helse og eldreomsorga i Bø".

Dette er V, Krf, SV og H heilt einig i og har aldri sagt noko anna. Det er godt å sjå at Ap er med på vår linje.

La det være sagt ein gong for alle: Utbygginga startar i 2012! Anbodet blir sendt ut 16. mai og byggstart blir til hausten.

Viss Ap ønskjer å lage politisk spel, basera berre på deira eiga oppfatning, er det lite me kan gjere med det.

Så litt til rådmannens forslag om å førebu nedstenging av avdeling A på sjukeheimen.
Dette blei nedstemt av alle i formannskapet. Fleirtalet vil førebu bygdas framtidige pleie og omsorgsbehov og vil ha ei fagleg vurdering av det. Vi vil at alle skal få dei tenester dei har krav på, tilpassa den enkelte. Om det dreiar seg om sjukeheimsplass, heildøgns bemanna omsorgsbustad, vanleg omsorgsbustad eller tenester i heimen, skal vurderast i det enkelte tilfelle. Poenget er at alle skal ha tryggleik for at dei blir tatt vare på når dei treng det.

Vidare skriv trioen frå Ap at det har blitt redusert med tre sjukeheimsplassar frå dei opphavlege planskissene til det som nå er vedtatt, frå 79 til 76 plassar.
Det dei ikkje skriv, er at ein får med dette lagt heile sjukeheimsdrifta på ei side av vegen og ein frigjer heile den gamle skjerma avdelinga. Trioen frå Ap skriv heller ikkje at det var ein samla byggkomite, dei tilsette, tillitsvalte, fagfolka og eldrerådet som gjekk inn for denne løysninga. Dagens posisjon meiner at det er viktig å høyre på dei som har mest kunnskap om situasjonen.

Eigedomsskatten må vi ha for i det heile tatt å kunne bygge ny sjukeheim og omsorgsbustader. Denne skatten har vi og i dag, men vi må auke den med i underkant av 140 %. Ein auke av eigedomsskatten har det vore budsjettert med i 4 år.

Kva vil det sei for den enkelte? La meg vise det med eit eksempel. For ein fem år gamal einebustad, på i underkant av 200 m2, betalar ein i dag kr. 1650,- pr. år i eigedomsskatt. I 2013 vil skatten blir om lag kr. 3.900,- pr. år for denne bustaden. Det betyr ca. 325,- kroner pr. månad. Til samanlikning kan ein opplyse om at ein plass i skulefritidsordninga (SFO) kostar 2.650,- kroner pr. månad.

For dei fleste er ikkje dette ein skatteform me likar, men me er tvinga til å bruke den i og med at me vil ha denne utbygginga til det beste for dei eldre i bygda. Dette meiner Krf, Sp, V, Ap, SV, – med andre ord 20 av 25 i kommunestyret.

At kommunen skal gjennomføre ein utbygging til ca. 200 millionar kroner nesten utan pengar i banken, meiner SV, Krf og V er uansvarleg økonomisk styring. Derfor blir eigedomsskatten innført i 2013 som planlagt heile vegen. Bø kommune har lang nok erfaring frå ROBEK lista under Ap sitt styre.

Olav Kasland
Ordførar