Uforståeleg lita interesse for kunnskap

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV, forlanger at skolene skal drive leksehjelp for 1.-4. klasse på tvers av alle faglege råd både før ordninga blei pålagt, på tvers av all erfaring i den praktiske skolekvardagen og heilt i strid med grundige forskingsresultat. I tillegg viser det seg at færre blir med i SFO, at SFO blir dyrare for dei som er igjen og at det er stor fare for at dei ungane som har foreldre med dårleg råd er dei som nå heller ikkje får det gode tilbodet i SFO.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Jan Kløvstad

Jan Kløvstad
Foto: Arendal Venstre

Venstre har spurt skolane i Arendal og fått klar melding om at leksehjelpa bør vere i 5.-7. klasse og 8.-10.klasse. Det er mange foreldre som har vanskelegare for å kunne hjelpe eigne barn enn i 1.-4. klasse. Barna fortener kvalifisert fagleg leksehjelp, ikkje å vere 15-10 førsteklassingar på ein ufaglært vaksen som gjer så godt ho/han kan.
Dette har Venstre tatt opp i bystyret i Arendal (sjå artikkel i Agderposten 27. mars) og foreslått at kommunen søker om å få tilskot til ei forsøksordning med leksehjelp for eldre alderstrinn. Men regjeringa seier nei. Regjeringa vil ganske enkelt ikkje at skolane og kommunane forsøker andre ordningar enn den som all erfaring og forsking seier ikkje fungerer.
Resultatet er at vi brukar tid og pengar på ei leksehjelpordning som ikkje fungerer, som aukar dei sosiale forskjellane (i følge begge dei to forskingsinstitutta NOVA og NIFU) og som svekkar SFO-tilbodet og gjer det dyrare.
Ordførar Einar Halvorsen vil ikkje at Arendal søker om forsøksordning med leksehjelp i dei årstrinna der lærarane meiner det vil fungere godt. Grunnen er at Bærum og Stavanger alt har søkt, og utruleg nok fått avslag på liknande søknadar. Venstre forstår ordføraren. Men vi forstår ikkje kvifor kunnskapsministeren og hennes folk ikkje vil lytte verken til fagfolk eller erfaringar. Nå ber vi rådmann Harald Danielsen ta opp saka gjennom rådmannsutvalet i Kommunenes Interesseorganisasjon KS, der han er leiar. Kanskje eit samla press frå KS, som kan vise til identiske erfaringar i heile landet, kan få snudd regjeringa?
Vi ser dessverre same haldninga i fleire saker: Regjeringa tar barnehagetilskot frå dei kommunane som har lågt utdanningsnivå og gir pengane til dei kommunane som har høgt utdanningsnivå. Arendal tapte 27 millionar, Vennesla tapte 11 millionar, mens Bærum fenn 53 millionar ekstra frå staten. SV fekk gjennomført makspris i barnehagar. Dei førte til at dei som bur i Holmenkollåsen og Oslo vest fekk redusert barnehagerekninga kraftig, mens dei som hadde lågaste takst i Oslo øst måtte betale meir. Og i tillegg måtte kommunekassa i Oslo finne meir enn 600 millionar frå helse og omsorg og skolar. Det er ikkje merkeleg at ny statistikk viser at forskjellane mellom folk har auka under denne regjeringa.

Jan Kløvstad
Bystyremedlem for Venstre i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**