Foto: Bård Ek

Hallvor Lilleslett blir vald til ny ordførar i Gol

Fleirtalspartia i Gol kommunestyre, AP, Venstre, KrF og SV er samde om å gå inn for Hallvor Lilleslett (V) når Gol kommunestyre skal velje ny ordførar 8. mai.

Hallvor Lilleslett
Foto: Tor Folgerø

Hallvor Lilleslett har vore varaordførar denne perioden. Han har også fungert som ordførar den siste tida etter at Olaug Grønseth Granli døydde etter ein lang kamp mot kreften. Bakgrunnen for at kommunestyret må velje ny ordførar er at kommunelova krev nytt val når ordføraren fell frå.