Nei til sjødeponi

Fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang
Foto: Vidar Helle

Vi er no midt i ei tidsreise. Vi står i ein miljøkamp som ikkje høyrer heime i 2015, Sanner har skrudd tida tilbake til 70-talet med vedtaket om sjødeponi. Sanner representerer ein renessanse for dumpingmentalitet og er med det rett og slett eit dårleg forbilde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Må vi børste støv av barnetv-Blekkulf igjen? som song det er vanvanvittig å tro – at havet er en do! I 2015 trudde vi at det var barnelærdom at slik behandlar vi ikkje naturen.

Nyleg langa høgremannen Bjørn Lødemel ut mot den viktigaste miljøorganisasjonen vi har, Natur og Ungdom – det er dristig gjort.

Verda har aldri sett ein så fin ungdom som vi har i dag. Dei er langt skikkelegare enn oss, det er no ei sak, dei har eit heilt anna kunnskapsnivå enn vi hadde, dei er globale, opplyste og samfunnsengasjerte. No gjere ungdomen opprør mot det etablerte politiske miljøet i Sogn og Fjordane. Politikarane som elles reiser flittig på karrieremesser for ungdom i Bergen og Oslo, kan no velje å lene seg tilbake til tanken på at jorda er flate, – eller lytte til ungdomen vi vil ha, og treng.

Fagkunnskapen bekreftar no at det å tillate sjødeponi ikkje er å stille miljøkrav. Og, miljøkrav er ikkje næringsfiendtleg, tvert om! Forbrukarane ute i verda vil i stadig større grad ha reine produkt og er medvitne kva røykelaksen på skiva har fått i seg i løpet av livet.
Men krav skapar også nye smarte løysingar som aukar verdiskapinga ytterlegare.
Før kom det svart røyk ut av pipa på smelteverket i Svelgen, ein såg knapt sola. Då røyken frå silisiumsproduksjoen skulle rensast fekk dei eit biprodukt. No er biproduktet microsilica det store eventyret til Elkem Bremanger – på grunn av miljøkrav.

Etterspurnaden for oljerenseteknologi har ført til at her i Førde har Hellenes blitt ei storbedrift med masse arbeidsplassar – på grunn av strenge miljøkrav.

Reiser vi til Høyanger der det også er storslått 1 mai feiring så finn vi suksessbedrifta SafeClean som sysselset 40 personar fordi dei leverer kjemiske renseprosessar til olje- og gassindustrien – på grunn av strenge miljøkrav.

Og så vidare. Kjem vi med miljøkrava så vil løysingane også komme i bergverksindustrien i høve til avfallshandtering. På same måte som olje og gassnæringa stadig utviklar ny renseteknologi – på grunn av miljøkrav.

Nokre seier at uavhengig av kva ein måtte meine om deponiet så må ein no respektere ei demokratisk fatta avgjerd og gå vidare. Nokre meiner at ikkje minst av omsyn til utbyggaren så må vi avslutte saka, utbyggar har venta lenge og teke stor risiko. Generelt sett kan eg ha forståing for eit slikt argument. Men no står vi politikarar i valet mellom å anten ta omsyn til
• At størstedelen av folket, inkludert i Førdefjorden er i mot deponiet,
• At vår største framtidsnæring, sjømatnæringa er i mot deponiet
• At saksprosessen har store manglar, mellom anna fordi høgst relevante partar ikkje har blitt høyrde. Dei aktuelle ministrane som har velsigna dette har ikkje eingong sett fjorden eller snakka med folket.

Skal eg ta omsyn til alt dette eller skal eg ta omsyn til eit selskap med tre ansatte som garantert får ny jobb. Valet er enkelt, vi kjempar vidare.

Dei store miljøsakene som er vunne, har kampen starta med eit vedtak. Vedtaket som regjeringa har gjort er berre starten. Vedtaket som kjem i Stortinget i løpet av denne våren, vert fortsettinga.
Enden i saka ser vi først når Noreg er i ferdi med gjenreise seg som miljø og fiskerinasjon fordi ein har sagt nei til sjødeponi og ja til ei miljøvenleg bergverksindustri.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**