Oljefondet: Klimamessige uttrekkskriteriar kan redusere risiko

Terje Breivik
Foto: Jo Straube

Klimabaserte uttrekkskriteriar i Oljefondet kan redusere den finansielle risikoen. Oljefondet bør ut av selskap som får minst 25 prosent av inntektene fra kol, kolgruver eller kolkraft, eller der 25 prosent av energibruken kjem frå kol, skriv Terje Breivik i Dagens Næringsliv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Grønne økonomiske drivarar

Stortinget handsamar i desse dagar den årlege stortingsmeldinga om forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, SPU (Oljefondet). Under høyringa i Finanskomiteen forrige veke, var direktør Slyngstad tydeleg på at miljø- og klimasmessige utfordringar utgjer ein finansiell risiko

Venstre vil trekke SPU ut av kull og de mest forurensende olje- og gasselskapene.

På verdsmarknaden er grønne verdiar i aukande grad dei viktigaste økonomiske drivarane. Produkt eller produksjonsprosessar som ikkje vert oppfatta som klimavenleg kan medføre verdifall. For å redusere klimarelatert risiko har fondet siste året meir eller mindre selt seg ut av kolprodusentane. I tillegg har dei gjennom brev til dei største energiselskapa og gruveselskapa i porteføljen, etterspurt tidslinjer for utfasing av kol, og strategiar for å skilje koldelen ut av verksemda.

Treng nye verkemidlar

All honnør til forvaltarane av oljefondet for at dei nyttar verktøya Stortinget har stilt til disposjon på beste vis. Det er likevel liten tvil om at fondet fortenar og treng supplerande verkemidlar. Uttrekkskriteriar, innretta og innfasa slik at selskapa får høve og tid til å tilpasse seg, vil utvide verktøykassa. Det vil og imøtekome behovet fondet har for å redusere klimarelatert risiko på langt meir effektivt vis.

Terje Breivik
Venstres nestleiar og finanspolitiske talsmann Terje Breivik

Venstre har føreslått uttrekkskriteriar for selskap som tuftar heile eller deler av drifta på kol og for oljeselskap som er involverte i skiferolje/-gass og tjæresandprosjekt. Til dømes bør fondet ut av selskap som får minst 25 prosent av inntektene fra kol, kolgruver eller kolkraft, eller der 25 prosent av energibruken kjem frå kol. Ikkje nødvendigvis for at SPU skal selje seg ut av selskapa, men for å endre drifta i selskapa i meir klimavennleg retning og redusere den finansielle risikoen.

Fleirtal mogeleg

Uttrekkskriteriar kan snevre inn investeringsuniverset til fondet, men i verste fall ikkje meir enn 1 prosent av det fondet har investert i aksjar totalt. Dette kan sjølvsagt gjere det litt vanskelegare å nå målet om “høyest mulig avkastning innenfor et moderat risikonivå”. Fondet er ikkje i nærleiken av å ha slike vanskar i dag. Difor er det enkelt å motvekte nye uttrekkskriteriar med å utvide 1% – ramma fondet har til avvike frå referanseindeksen med meir enn dei 0,25% regjeringa føreslår i stortingsmeldinga.

Oljefondet bør ut av selskap som får minst 25 prosent av inntektene fra kol, kolgruver eller kolkraft, eller der 25 prosent av energibruken kjem frå kol

Terje Breivik

Stortingsmeldinga visar til ekspertutvalet som framhevar eigarskapsutøving som det viktigaste verkemiddelet for å adressere klimaspørsmål i forvaltninga av SPU. Brevskriving meir effektivt enn reell fare for at ein av verdas mest attraktive eigarar sel seg ut? For Venstre er det rimeleg opplagt at fondet treng tyngre skyts. Sjansane for at eit fleirtal på Stortinget blir samde med oss er absolutt tilstades.

Av Terje Breivik, nestleiar og finanspolitisk talsmann i Venstre

Innlegget stod på trykk i Dagens Næringsliv 22. mai 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**