Nei til sundagsopne butikkar

Foto: H. Skurtveit

Fjell Venstre seier nei til sundagsopne butikkar. Vi er elles opptekne av at kommunesenteret på Straume skal innehalda ikkje-kommersielle soner i tillegg til næringsverksemda. I programmet vårt heiter det mellom anna: “Handelen er viktig for Fjell, som har eit av dei største og mest moderne kjøpesentra i heile landet. Den nye Kystbyen må strekkja seg etter arkitektoniske kvalitetar på høgt nivå. Byen må gje rom for kulturbygg, og inn iblant dei travle handlegatene må folk kunna slå seg ned i ikkje-kommersielle soner.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**