Liberalisme à la carte

I ein kronikk i Dagsavisen 5. mai går SVs Snorre Valen og Bård Vegar Solhjell til angrep på partiet Høgre fordi det er — av alle ting — for lite liberalt. – Det er alltid litt fascinerande å sjå sosialistar som kranglar med konservative om kven som er mest liberale, når ingen av dei uansett vil vedkjenne seg liberalismen fullt og heilt, skriver Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn i sitt svar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


For liberalisme handlar ikkje om enkeltsaker. Alle parti i Noreg kan slumpe til å innta liberale standpunkt no og då. Høgre er for å liberalisere arbeidsmarknaden og vil byggje ned offentlege monopol. Det er bra og liberalt. SV er mot datalagringsdirektivet og vil føre ein liberal innvandringspolitikk. Det er også bra og liberalt. Men det er ikkje nok å vere liberale på somme område, og høvesvis konservative og sosialistiske på andre. Liberalismen er ingen à la carte-meny.

«Liberale verdiar» har positiv klang i så godt som alle politiske miljø. Difor er det ikkje rart at mange parti ynskjer å smykke seg med ordet «liberal», i alle fall når dei med skammen i behald kan stå inne for det. Men av ein eller annan grunn føler dei fleste parti for å legge til eit «men» etter å ha slått fast at dei er liberale. Det går som regel slik: «SV er eit liberalt parti, men vil ikkje la råkapitalismen ta over styringa». Eller slik: «Høgre er eit liberalt parti, men samstundes skal vi halde oss til trygge, nasjonale verdiar».

Det er berre eitt parti i Noreg som er liberalt tvers gjennom, og det partiet heiter Venstre. For oss er ikkje «liberal» eit ord vi pyntar politikken vår med. Det er ei grunnhaldning som gjennomsyrer alt vi seier og gjer. Eller som Marie Simonsen skreiv på kommentarplass i Dagbladet 12. februar: «Venstre er fremdeles alene som parti om å føre en heroisk kamp for liberale prinsipper i all sin politikk». Så skal vi sjølvsagt vere ærlege på at alle parti kan trå feil, noko som sjølvsagt også gjeld det liberale Venstre. Men om ein kan kalle seg liberal eller ikkje handlar ikkje om feilstega, men om hovudretninga i politikken. Liberalismen er nemleg ikkje er ein à la carte-meny der ein kan plukke det som er populært til ei kvar tid.

Wire

Foto: stock.xchng

Valen og Solhjell brukar – med rette – mykje plass på å kritisere Høgre for å ha stemt for datalagringsdirektivet. Liberale krefter i Høgre vil kanskje hevde at vedtaket berre var eit lite feilsteg. Men diverre representerer dette knefallet for overvakingssamfunnet ein større trend i det konservative Høgre si politiske historie, der partiet som regel har kasta liberale verdiar på båten når det gjeld spørsmål om kriminalitet, overvaking, rusomsorg, innvandring m.m.

Men på same måte har SV konsekvent gått i full konfrontasjon med dei liberale idéane om fri marknadsøkonomi, eit levande sivilsamfunn og fridom for familiane. SV er eit av dei mest sentralistiske partia i Noreg, og har eit sosialistisk grunnsyn som går på tvers av alt det liberale tenkjarar og politikarar har kjempa for gjennom hundrevis av år. At partiet har eit liberalt syn på innvandring og personvern kan sjølvsagt ikkje vege opp for dette.

Så forsøker Valen og Solhjell å slå opp eit skilje mellom «liberalisme» og «liberalitet», der det førstnemnde handlar om økonomisk fridom og det sistnemnte om politisk og personleg fridom. Dette er etter vårt syn eit fåfengt skilje å etablere. Desse verdiane føreset nemleg kvarandre, og fridom er ikkje noko ein kjempar for her og der — det er noko ein kjempar for konsekvent. Den liberale idétradisjonen er stolt, og det er eit stort ansvar å skulle forvalte denne i eit Noreg der det offentlege sitt grep om næringsliv og familieliv blir stadig sterkare, og innvadringsfrykt og overvaking brer om seg. Vi er likevel overtydde om at kampen for liberale idéar i Noreg kan vinnast, må vinnast og vil vinnast. Men då må ein kjempe for liberalismen fullt og heilt, ikkje stykkevis og delt.

Trine Skei Grande, leiar i Venstre
Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**