Synfaring: – Uakseptabelt med fjorddeponi

Etter ei synfaring på Engebøfjellet og på Førdefjorden er leiaren i Energi- og miljøkomiteen, Ola Elvestuen frå Venstre, endå meir overtydd om at ein ikkje kan godkjenne planane om eit fjorddeponi. — Skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land, sa Elvestuen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 - Skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land, sa Elvestuen.

– Skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land, sa Elvestuen.
Foto: Sveinung Rotevatn

 - Å bruke matfatet vårt som et deponi for avfallsstoff er eit hån, seier Rotevatn.

– Å bruke matfatet vårt som et deponi for avfallsstoff er eit hån, seier Rotevatn.
Foto: Bjarte Undertun

 Partileiar Trine Skei Grande besøkte Naustdal og Øystein Djupvik i 2011. Allereie då var partiet tydeleg på konsekvensane av eit fjorddeponi.

Partileiar Trine Skei Grande besøkte Naustdal og Øystein Djupvik i 2011. Allereie då var partiet tydeleg på konsekvensane av eit fjorddeponi.
Foto: Naustdal Venstre

Det var ein stor delegasjon frå Venstre som før helga var på plass i Naustdal og Vevring for å bli orienterte om dei omstridde planane om gruvedrift i Engebøfjellet. I tillegg til Elvestuen, var også stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn på plass saman med lokale motstandarar, bygdefolk og leiaren i Natur og Ungdom.

Les og sjå video på NRK.no: Elvestuen på synfaring i Vevring

Levande fjord
— Eg har fått vite at dette er ein levande fjord, heile vegen frå 300 meters djupne og heile vegen opp. Det understrekar kor feil det vil vere om ein i realiteten legg fjorden daud ved å ha eit deponi i fjorden, sa Elvestuen til NRK.no.

— Det er mykje liv og aktivitet i denne fjorden. Og det er eit stort område som er planlagt som deponi. Eit overraskande stort område, seier Elvestuen. Han understreka at han ikkje var imot gruvedrift generelt.

— Men skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land. Er det ikkje økonomi i det, er det ikkje økonomi i prosjektet, sa han til applaus frå gruppa av frammøtte deponimotstandarar.

Les: Norske fjordar er ikkje avfallsplassar

Naturvern til havs
Rotevatn slår fast at fjorddeponiet er planlagt i ein av dei reinaste fjordane i landet, i eit viktig gyteområde for kysttorsk, og i strid med anbefalingane frå Havforskingsinstituttet.

– Det at folk kan hauste av havet slik vi har gjort i dag, er strålande. Men sjøen er også grunnlaget for enorme fornybare resursar innan fiskeri og havbruk. Desse resursane må forvaltast berekraftig, då kan ein ikkje gamble med det marine miljøet, slik ein gjer både i Førdefjorden og ved Fedje, seier han.

Les: Skei Grande i Naustdal: Seier klart nei til fjorddeponi

– Det å sanke mat frå hav og fjord er en viktig del av kystarven og for folket langs kysten vår. Å bruke matfatet vårt som et deponi for avfallsstoff med påfølgande ødelegging og forgifting av store og sårbare havområde er eit hån, understekar Rotevatn.

Vert avgjort i regjeringa
Saka om gruvedrift ligg no til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Miljøverndepartementet. Venstre arbeider på fleire frontar for å få regjeringa til å seie nei til deponi i Førdefjorden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**