Eit meir fleksibelt arbeidsliv

Inkluderande arbeidsliv krev auka bruk av mellombelse tilsetjingar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Nyutdanna og ufaglærde går tøffare tider i møte. Færre kunngjorde stillingar gir fleire jobbsøkjarar, og talet på unge utan jobb aukar. LO og dei raudgrøne partia har i mange år kjempa mot meir fleksibilitet i arbeidslivet for å verne dei som allereie er på innsida av arbeidslivet. Dette har vore ein feilslått politikk som vi ser resultata av no; Når det blir rolegare tider for mange bedrifter, blir nålauget enda trongare for dei som står utanfor arbeidslivet.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Ferske tal syner at 16 prosent av handels- og servicenæringa vil kutte i talet på tilsette. Samtidig fell talet på bedrifter som vil tilsetje fleire, mens sju av ti seier dei vil behalde staben sin som han er. Samla for alle bransjar er nedgangen frå juni i fjor til juni i år på 17 prosent. Tal frå NAV syner at det var 10278 ledige i aldersgruppa 20 til 24 år i juni i år. I same månad i fjor var 9804 personar i den alderen registrert som arbeidslause. Veksten i arbeidsløysa er dermed på nærare fem prosent.

Det fyrste som skjer når bedrifter vurderer å nedbemanne, er at dei sluttar å tilsetje nye folk, og i alle fall dei utan jobberfaring. Risikoen for at verksemda ikkje skal vere lønnsam og berekraftig blir rett og slett for stor dersom ein forpliktar seg til å tilsetje fleire på heiltid. Samstundes vil søknader frå unge eller nyutdanna utan jobberfaring hamne nedst i bunken. Dei risikerer dermed å bli fanga av ein håplaus spiral: Dei får ikkje jobb utan erfaring, og dei får ikkje erfaring utan jobb.

Venstre meiner difor at ein del av løysinga er å skape eit meir fleksibelt arbeidsliv og gjere det enklare for verksemder å tilsetje folk i mellombelse stillingar. På den måten minskar ein risikoen ved å tilsetje nye, fordi verksemda ikkje forpliktar seg til å utbetale lønn og andre ytingar for meir enn ein kort periode, og ein treng ikkje vite med 100 prosent tryggleik at verksemda kjem til å ha behov for arbeidskrafta i uviss lang tid framover. Samtidig kan mellombelse tilsetjingar medverke til at unge får jobberfaring og den nødvendige kompetansen som til slutt gjer at dei får fast jobb.

Pål Farstad

Pål Farstad

Det er dokumentert at mellombelse tilsetjingar er eit springbrett til fast jobb. I ein studie frå 2012 av Engebretsen, Salvanes og Vassengen (publisert i SSB Økonomiske Analyser), som er basert på data frå ein tiårs-periode, kjem det fram at: “Mellombelse stillingar fungerer som eit springbrett til faste stillingar”, og vidare at: “Særleg blant unge og lågutdanna er denne effekten sterk”. OECD skriv også i «Jobs for Youth» (2010) at det er større sannsyn for å kome i arbeid dersom ein har vore mellombels tilsett.

Det er feigt av LO og dei raudgrøne å ikkje tore å sjå på mellombelse tilsetjingar som ei mogeleg løysing for å kunne sikre at dei som står utanfor arbeidslivet får ein fot innanfor. Det er når alt kjem til alt dette som er hovudutfordringa når det gjeld å oppretthalde ein berekraftig velferdsstat: Vi treng færre på trygd, og fleire i arbeid.

Å være mellombels tilsett over lang tid vil skape uvisse og ringe føreseielege vilkår i folk sin kvardag. Det er difor eit mål for Venstre at ingen arbeidstakarar skal måtte gå årevis på usikre kontraktar og mellombelse tilsetjingar. Vi vil at mellombelse tilsette skal ha ein rett til fast tilsetjing etter to år, og ikkje etter fire, slik regelen er i dag.

I tillegg burde tenestemannslova og arbeidsmiljølova likestillast, når det gjeld mellombelse tilsetjingar. I staten, som er underlagt tenestemannslova, er det i realiteten fritt fram, mens det i privat sektor, som forheld seg til arbeidsmiljølova, har høvet til mellombelse tilsetjingar til no vore strengt regulert. Sidan 2000 har mellom 17 og 21 prosent av alle stillingar i staten vore mellombelse stillingar. Det er over dobbelt så mange som i privat og kommunal sektor.

Det er ei hovudoppgåve for Venstre å leggje til rette for at dei som står utanfor arbeidsmarknaden kjem innanfor. Venstre vil gjere det mindre risikofylt for bedrifter å tilsetje, slik at bedriftene kan gi folk som elles ikkje ville fått jobb ei moglegheit til å vise seg fram og få ein fot innanfor arbeidslivet. I staden for å fungere som ei vaktbikkje for dei som allereie er sikra jobb, bør LO tenkje nytt og setje døra til arbeidslivet på vidt gap.

Pål Farstad, stortingsrepresentant for Venstre og medlem av næringskomitéen, og
Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre og medlem av arbeids- og sosialkomitéen,

Kronikken stod på trykk i Aftenposten 11.07.14

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**