Ordførarar: Krev at Regjeringa følgjer opp samarbeidsavtalen

– Regjeringa har lagt fram eit budsjettframlegg med ein sosial profil som Venstre sine ordførarar og varaordførarar ikkje kan akseptere. I tillegg må budsjettet få ein heilt annan klima- og miljøprofil. Det seier leiar Alfred Bjørlo, i Venstres ordførarnettverk. Bjørlo er ordførar i Eid. Venstre har nær 50 ordførarar og varaordførarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 Venstre sine ordførarar og varaordførarar er naturleg nok særleg opptatt av kommunane sine høve til å gi gode tenester til dei som treng det mest.

Venstre sine ordførarar og varaordførarar er naturleg nok særleg opptatt av kommunane sine høve til å gi gode tenester til dei som treng det mest.
Foto: M. Tjelmeland
 - Det er direkte provoserande at Regjeringa ikkje følgjer opp samarbeidsavtalen som vart signert av H, Frp, V og Krf i fjor, seier Alfred Bjørlo.

– Det er direkte provoserande at Regjeringa ikkje følgjer opp samarbeidsavtalen som vart signert av H, Frp, V og Krf i fjor, seier Alfred Bjørlo.
Foto: Sfj Venstre

Under landskonferansen retta Venstre-ordførarane hardt skyts mot statsbudsjettet. Ordførarnettverket var i helga samla i Oslo for å diskutere Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. I møtet vart det gitt ei krystallklar melding til Venstre si stortingsgruppe om å køyre eit hardt løp i forhandlingane om statsbudsjettet.

Vil ha konkrete satsingar
– Det er direkte provoserande at Regjeringa ikkje følgjer opp samarbeidsavtalen som vart signert av H, Frp, V og Krf i fjor. I staden for å stå på avtalen, reverserer regjeringa viktige gjennomslag Venstre fekk – mellom anna for å styrke kommune-økonomien. Det kan ikkje Venstre finne seg i, seier Alfred Bjørlo.

Venstre sine ordførarar og varaordførarar er naturleg nok særleg opptatt av kommunane sine høve til å gi gode tenester til dei som treng det mest. Venstre sitt ordførarnettverk stiller no tre felles krav til endringar i statsbudsjettet:

Reversering av kutt i allereie framforhandla semje om støtte til kommunene si oppfølgjing av personar med særleg store hjelpebehov, såkalla “ressurskrevjande brukarar”. Ordninga må óg omfatte brukarar eldre enn 67 år
Barnevernet må tilførast ekstra ressursar
Auka overføring til busetjing av flyktningar – særleg mindreårige

Vil ha budsjett i tråd med samarbeidsavtalen
– Dette er oppgåver som er svært tyngande i ein stram kommuneøkonomi. Vi føreset at Venstre set desse sakene på dagsorden i budsjettforhandlingane og oppnår betre rammevilkår for kommunene, påpeikar Venstre sine ordførarar og varaordførarar.

– Venstre si stortingsgruppe må forhandle fram eit budsjett som er i tråd med samarbeidsavtalen. Venstre sine ordførarar og varaordførarar deler fullt ut dei skarpe reaksjonane på Regjeringa sitt budsjettforslag frå Venstres stortingsgruppe. Vi gir våre forhandlarar vår fulle støtte, seier leiar av Venstres ordførarnettverk, Alfred Bjørlo.

Meir informasjon: Venstres ordførarnettverk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**