- Positiv løypemelding om lokalsjukehusa

07.02.2007 Arbeidsgruppa om lokalsjukehusa sine akuttfunksjonar har sendt sin rapport på høyring. - Eg noterer først at dette er ei løypemelding. Utkastet er positivt i den forstand at den framhevar lokalsjukehusa sine fortrinn i helsetenestekjeda.


Arbeidsgruppa er satt ned for å sjå nærare på lokalsjukehusa sine oppgåver knytta til akuttfunksjonar og den samla behandlingskjeda. Utvalet har no sendt arbeidet sitt på høyring til mellom anna helseforetaka. Svara skal innarbeidast i ein endeleg rapport til Helse- og omsorgsdepartementet. Venstre og Gunvald Ludvigsen har tidlegare bede statsråden om at Stortinget får denne rapporten til handsaming.

Foto: Rune Kongsro
God rettleiing
- Etter mitt syn kan rapporten tolkast som eit forsvar for lokalsjukehusa, og har ei god rettleiing for korleis ein skal få dette realisert. Altså: Korleis klare å realisere lokalsjukehusa som tryggleiksbasar for folk. Ikkje minst fokuserer rapporten bra på korleis ein må designe spesialistutdanninga slik at spesialistane er tilpassa lokalsjukehusmedisinen, seier Ludvigsen.

Samstundes legg han til at ein kunne ynskje seg eit høgare presisjonsnivå på fleire område i rapporten, men utkastet bør kunne vere ei god vegleiing både til dei regionale og lokale helseforetaka.

Nærleik gjer tryggleik
Ludvigsen ser fram til at Stortinget skal ha ei grundig drøfting om rolla til lokalsjukehusa.
- Eg tykkjer at lokalsjukehusa skal vera berebjelken i morgondagen sitt helsesystem.




Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Sentrale nyheter
15.05.2012 • Venstre Sentralt
Uten vilje til satsing på klima og kunnskap
14.05.2012 • Venstre Sentralt
Forskning er å forberede seg på fremtiden
11.05.2012 • Venstre Sentralt
Lex Breivik bryter liberale prinsipper
10.05.2012 • Venstre Sentralt
Seier for elevenes rettsvern
10.05.2012 • Venstre Sentralt
- Løyser ikkje sosiale problem ved forbod
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092