- Sjå til Grimstad

31.08.2010 - Grimstad er godt igang med å finne fram til samarbeidsformer med private omsorgstenester, og i dag har vi hatt både glede og nytte av å vere gjestar på eit informasjonsmøte mellom Grimstad kommune og private tilbydarar, seier venstres medlem av helse- og omsorgskomiteen, Jan Kløvstad.


Foto: Venstre
På eit møte i Grimstyad rådhus var Venstremedlemene [b]Aud Fossli (nestleiar i eldrerådet), nestleiar Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad gjestar, mens kommunalsjef Ivar Lyngstad presenterte vedtaket i Grimstad kommunestyre 21. juni og korleis dette skal følgast opp i praktisk tilrettelegging i omsorgseiningane og bestillareininga i kommunen.

Grimstad har vedtatt å samarbeide med private i tillegg til dei kommunale basistenestene, og er truleg mellom dei første i landet som gjer det. Grimstad har valt ein noe annan modell enn Oslo, som har fritt brukarval. Arendal Venstre vil nå bringe begge desse modellane inn i det politiske arbeidet i Arendal, for å følgje opp fleirtalsvedtaket frå juni om å åpne for frivillige organisasjonar og private i eldreomsorg som vi alt har i alle andre delar av omsorgsarbeidet.

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092