50% rabatt til passivhus i Arendal!

09.12.2010 ”Det arbeides for å gi 50 prosent rabatt av gebyret for tiltak som oppfyller kriteriene for passivhusnivå i henhold til gjeldende Norsk Standard”, fekk Venstres Dega Abdi Aman og Jan Kløvstad fleirtal for i Arendal bystyre i dag.


Forslaget blei lagt fram under Sak 2010/141 Revisjon av gebyrregulativ for plan- og byggesak i bystyret i dag.


Jan Kløvstad har dette innlegget:
Det skjer mykje spennande med miljøvennlege bygg nå. Eg var så heldig å få vere med på ein studietur til Växjö, som kaller seg Europas grønaste by.
Foto: Jan Kløvstad
Der var vi inne i ei treblokk på åtte etasjar, bygd i massivt tre, - og etter alle standardar for passivhus. Vanleg norsk kunnskap har til nå handla om det det ikkje bør vere meir enn tre-fire etasjar i trehus. Men nå bygger altså svenskane meir enn dobbelt så høgt. Det er det kommunale boligbyggelaget i Växjö som eig dei to massive – og passive – blokkene. Derfor sender eg utfordringa til Arendal Boligbyggelag: Slutt med sement og betong, gi oss miljøvennlege passivhus i tre! Den same utfordringa gjeld sjølvsagt dei bygga vi nettopp har vedtatt å bygge: Stuenes skole og Roligheten skole, framtidig samanbygging mellom Solhaug og Margrethestiftelsen og andre kommunale bygg.

Også det nye rådgjevingsprogrammet ”Agder Wood” peikar i same retning. Dette er eit nytt prosjekt som skal fremme klimavennleg og energismart bygging i tre. Fylkeskommunane og fylkesmennene på Agder er med saman med Husbanken, Fremtidens Byer Kristiansand og Trefokus AS.

Venstre har stilt forslag om passivhus fleire gonger undervegs i kommuneplanarbeidet, og i reguleringsplanar som for eksempel ved Flodda i Myra. Nå må heile kommunen vere med. I 2015 skal det kome ny teknisk forskift med passivstandard.
 Vinduskarmen i passivhus i Växjö
Vinduskarmen i passivhus i Växjö
Foto: Jan Kløvstad
Å bygge passivhus, både villaer, rekkehus, leiligheiter, hytter og blokker som passivhus gir ein mykje betre marknadsverdi, sterkt redusert straumrekning for dei som er heldige å få bu i slike hus – og er i tillegg eit godt klimatiltak. Agder Wood vil gå inn med råd og støtte til ei beste passivhusprosjekta i Agderfylka. Også Enova blir med. I denne konkurransen skal Arendal vere i aller fremste rekke.

I budsjettforslaget for 2011 har Venstre som nemnt i budsjettdebatten fått med seg resten av posisjonen i kravet om halvt byggegebyr på passivhus. Derfor er det naturleg at vi følgjer opp med den konkrete formuleringa også i saka om revisjon av gebyrregulativ for plan- og byggesak.

I debatten i bystyret varsla Frp ved Arne Austenå og Åshild Haugland at Frp ville gå mot forslaget.

Og i avstemminga fekk Venstres forslag 26 stemmer og blei vedtatt mot stemmene frå Frp, to frå Pensjonistpartiet og to frå Høgre.





Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Fylkesnyheter
06.05.2012 • Aust-Agder
Dobbeltspor til framtida
26.04.2012 • Aust-Agder
Barn først – også i asylsaker
18.04.2012 • Aust-Agder
Vil du bli generalsekretær i Venstre?
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092