Vegvesenet foreslår ein god trasé for E18
26.01.2012 - Venstre håpar vi kan samle oss einstemmig i både Arendal bystyre og Tvedestrand kommunestyre om Vegvesenets forslag om trasé for ny E18,
sa Jan Kløvstad i bystyresalen i dag etter vegvesenets presentasjon for bystyret i Arendal i dag.

Forslag til ny E18 Tvedestrand-Arendal
Foto: Statens Vegvesen
Nå skal planen ut på høyring, og Venstre håpar at denne høyringa fører til at vi kan samle oss om den foreslåtte traséen, seier Jan Kløvstad, som har følgt saka på vegner av Venstre og bystyret dei siste 5-6 åra. Han legg til at målet nå er å få redusert tal ulykker frå svært høge og alvorlege tal på dagens E18 til null.
At planforslaget kjem dagen etter at det er lagt fram ein rapport som viser at den mest aktuelle strekninga for høgfartstog i Norge er strekninga Oslo-Stavanger gir oss grunn til å vere optimistar i landsdelen.
Fylkesnyheter




