bedrift
miljø
ansvar
skole
Venstre lokalt

Kontakt

Hovedorg Venstre

Møllergt. 16
0179 Oslo
Tlf.: 22 40 43 50
Faks: 22 40 43 51
E-post: venstre@venstre.no

Orgnr:
971278390

Kontonr:
7874.05.60092

Redaktør:
Nettredaksjon


Blogg

Elizabeth Toft Erichsens blogg

18.07.2009 // 22.45

Sei nei til datalagringsdirektivet

Ukategorisert | Antall kommentarer: 0 | Kommenter bloggen

Bloggstafett for personvern – mot datalagringsdirektivet:

Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men og ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter artikkel 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) vert personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgaranes elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Han har aldri før blitt brukt, men så har ein heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trugsel mot demokratiets grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

Vi som publiserar dette innlegget krev at regjeringa seier ifrå no før valet om dei vil gjere datalagringsdirektivet til norsk lov eller ikkje. Å ikkje ta stilling, slik regjeringa har gjort i over tre år, er det same som stillteiande aksept.


Regjeringen må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!


Du kan bli med ved å bruke denne teksten eller ein variant av han på din eigen nettside. Du kan og støtte saka ved å spreie bodskapen påtwitter, facebook, origo eller andre nettstader du ser på som relevante.
Snakk med folk du møter på jobben, heime, på kafe og i ferien. Du bør og signere oppropet mot EUs datalagringsdirektiv, melde deg inn i facebookgruppa mot direktivet og støtte liberalerens e-postkampanje.

Dersom du vil lære meir kan du starte med EMK artikkel 8 og reservasjonsrett EØS . "Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!" er publisert med lisensen Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License.
Kort fortalt betyr det at du fritt kan bruke denne teksten så lenge du brukar same lisens sjølv og lenker tilbake til oss. Denne teksten er henta frå: http://www.paarupmichelsen.net

08.10.2008 // 21.19

Asylmottak i Sund

Postet i: Sund kommune Politikk | Antall kommentarer: 0 | Kommenter bloggen

Då var det klart at Sund kommune er ein av kommunane som skal få asylmottak.
UDI har i dag meddelt at i tillegg til Sund så vert det asylmottak på Bømlo og i Salhus.

Motstanden var stor på folkemøtet som vart arrangert for nokre veker sidan, medan kommunestyret valde å sei at det ikkje var opp til dei å vurdera om det skulle være mottak eller ikkje. Etter å ha sett dei to forslaga til vedtak som kom fra på møtet, er eg nøgd med det forslaget som vart vedteke - då eg sjølv ikkje var tilstades.

Sund Venstre meiner eit asylmottak kan være positivt for kommunen.

03.09.2008 // 14.47

Nytt sotrasamband

Ukategorisert | Antall kommentarer: 0 | Kommenter bloggen

Debatten om nytt sotrasamband har gått i heile sommar, og den har absolutt ikkje dabba av no som vi er i gang med det politiske liv igjen etter sommaren.

Laurdag var Ole Johan Sagen frå Sotrasambandet AS ute i Vestnytt og varsla trinnvis utbygging av nytt samband, noko som varaordførar Harald Nordstrand var ute mot i tysdagens avis.
Sagens utsagn kan ein fint kalle politiske utsagn...

I dag var det debatt mellom Per Tore Bø frå "Ja til Sotratunnel" og Magnus Natås frå Statens Vegvesen.
Eg merkar eg blir frustrert, oppgitt og rimelig sint når eg hører argumenta som Natås kjem med: "Når ein skal lage nytt fastlandssamband til Sotra, er det viktig å tenke veldig langsiktig - da er det viktig å velge den løsningen som fungerer best for alle trafikant grupper - kollektiv, gangfelt..
En tunell er ikke dette mulig med - og med dagens bro må du ha en egen kollektivløsning over denne brua ved tunnel løsning.
Det er viktig å kunne ha omkjøringsmuligheter dersom noe skjer - det kan du ikke med denne tunellen"

Er det rart eg blir sint?

BT har fulgt opp med toppsaka "Tunnel blir bensinsluk", medan NRK Hordaland kan melde at "Brukerne vil ha tunnel"

Natås sitt argument på omkjøringsmuligheter er et fryktelig dårlig argument - det viser at han ikkje har veldig stor oversikt over dagens situasjon. Kvar finns det omkjøringmogelegheiter dersom det skjer som i det gjorde fleire gongar i vinter - vegen mellom Fjell og Sund vert stengd. Sund kommune er stort sett isolert - alt vi har er Klokkarvik - Hjellestad ferga - som ikkje tar mange bilane... Det er klart med rette at ordføraren gjekk ut i Vestnytt og uttrykte si bekymring.

BT sitt argument om bensinprisar blir berre dumt - mens undersøkinga frå NAF gjer meg lettare til sinns. Det visar at det faktisk er støtte til å lage tunnel - og den bør liggja i sør for at ein skal kunne avlaste trafikken i begge endar.


Dette er eit verdival.
Venstre går inn for at sambandet går frå
Tellnes i tunnel under Raunefjorden. Vi meiner
det er eit rett val fordi
• det gir oss eit alternativ til Sotrabrua
• det styrkar beredskapen
• det fører mykje trafikk utanom Bergen og
reduserer dermed forureininga der
• vi kan byggje ut Sotrabrua slik at det vert
plass for bybane til Straume.
Elizabeth Toft Erichsen

Elizabeth er gruppeleiar (grett å smykka seg med fine tittlar;-)) og einaste kommunestyrerepresentant for Venstre i Sund.

Søk i denne bloggen

Tidligere innlegg
Jeg blogger om
Mine linker
Arkiv