Klar for å ta kommune-debatten

I Hallingdølen 6. november stiller Sissel Urke frå Venstre spørsmål ved konsekvensane for lokaldemokratiet ved dei mange interkommunale selskapa som er danna i Hallingdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sissel Urke 2014

Foto: Hallingdølen

Interkommunale selskap og tenester har vore ein god måte å organisere tenester som kommunane er for små til å løyse sjølv, men det er bekymringsfullt at vi samstundes flyttar avgjerdsmynda ut av kommunestyresalen og lengre bort frå politisk styring, seier Urke. Ho viser til eit tungrodd system der endringar i organet må behandlast og vedtakast i alle 6 kommunestyra, og hevdar at ein utstrakt bruk av interkommunale selskap bidreg til ei svekking av lokaldemokratiet. Ho målber ynskje om ein offensiv debatt om kommunestruktur, og er klar for å ta debatten. Ordførarane i dalen har vore lite villig til å ta grep om prosessen, men det er ingen grunn til å vente: Kommunereformen vil ikkje gå over, det er på høg tid å vurdere 50 år gamle rammer for kommunal verksemd. Fredag 7.11 samlar Hallingtinget seg i lag med Fylkesmann Helen Bjørnøy. Urke har forventningar til at dette kan sparke i gang ein konstruktiv prosess der ein er villig til å sjå på moglegheitene som reformen kan gi. Større kommunar gir høve til å ta hand om større oppgåver der det lokale folkevalgte organet må sikrast reell makt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**