Utfordringar for landbruket og næringslivet i Innlands-Noreg

Dette vil vera tema under besøket av Venstres medlem i Næringskomiteen, stortingsrepresentant Pål Farstad, har på Gol måndag 17. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Pål Farstad

Foto: Øivind Leren

Pål Farstad, Venstres medlem i næringskomiteen, kjem til Gol og Hallingdal for å høyre om utfordringane næringslivet i Hallingdal slit med. Næringskomiteen har også ansvar for landbrukspolitikken, og difor er også landbruk eitt av tema for Pål Farstad.

-Venstre må løfte seg og bety noko i m.a. landbrukspolitikken og innan reiseliv, seier Farstad. -Vi må stå på for dei små bedriftene og sjølvstendig næringsdrivane. Det er svært viktig for å utvikle den skogen av næringsliv vi skal ha, seier han.

Pål Farstad skal møte tre gardbrukarar, alle heiltidsbønder, som vil fortelje om sine utfordingar. Vidare er det besøk på Nortura sitt anlegg på Gol.

Seinare på dagen skal Farstad ha møte med Pers Hotell og Visit Hallingdal, der reiselivet er tema. Hallingdal som landert største reiselivsregion har store utfordringar, særleg når det gjeld lønsemda. Dette er gjennomgåande ei utfordring for alle som driv næring, anten det er landbruk, turisme eller meir tradisjonell industri. Tal frå NOU syner at Hallingdal er den regionen som har dårlegast lønsemd.

Pål Farstad vil også møte representantar for industrien og for Regionrådet for Hallingdal.

På ettermiddagen arrangerer venstre laga i Hallingdal eit ope mæte med tema «Utfordringane for næringslivet og landbruket i Innlands-Noreg». Her vil Pål Farstad oppsummere sine inntrykk frå besøket sitt på Gol. Han vil vidare innleie til debatt.

Program for besøket:

kl 08.05:
Avreise Oslo

kl 11.00: Lunch (Gol kommunehus, kantina)

kl 1130: Tre bønder; mjølk, sau, samdrift – Jon Lilleslett, Halvor Gauteplass, Ola Frøysok (Gol kommunehus ordførarkontoret)

kl 1230: Bedriftsbesøk industri; Nortura – Ingrid Hillestad Medhus (Nortura)

kl 1330: Bedriftsbesøk Turisme; Pers Hotell- Visit Hallingdal – Per Rustberggard, Agnete Sataslåtten (Pers Hotell)

kl 1430: Utfordringar for Hallingdal. Dgl leiar regionrådet – Knut Arne Gurigard (Gol kommunehus) kommunestyresalen

kl 1500: Torco Kielland – no nedlagt – Steinar Bleken (Gol kommunehus kommunestyresalen)

kl 1530: Pressemøte (Gol kommunehus, kommunestyersalen)

kl 1600: Middag (Pers Hotell)

kl 1700: Buskerud venstre fylkestingsgruppe – fylkesleiar (Gol kommunehus, kommuenstyersalen)

kl 1800: Ope møte: Utfordringar for næringslivet og landbruket i innlands Noreg
(Gol kommunehus, kommuenstyersalen)

Desse deltek heilt eller eller delevis:

Stortingsrepresentant, Pål Farstad
Politisk rådgjevar, Liselotte Lunde
Politisk nestleiar Buskerud Venstre, Erik Hörluck Berg
Gruppeleiar fylkestinget, Helge Stiksrud
Nestleiar Natur og Næring, Helge Feet
Ordførar og lokallagsleiar, Hallvor Lilleslett

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**