Felles årsmøtesamling for venstrelaga i Hallingdal sundag 15. januar

17.01.2012 I år var den felles samlinga for venstrelaga i Hallingdal halde på Ingers Kro, Myrland i regi av Hol Venstre - sundag 15. januar.


Tradisjonen tru var møtet inndelt slik:1.”Individuelle” årsmøte i lokallaga: Gol Venstre, Ål Venstre og Hol Venstre. 2. Fellesmøte. 3. Middag

Årsmøtet i Gol Venstre
A. Vanlege årsmøtesaker: Av årsmeldinga går det fram at Gol Venstre har hatt eit svært aktivt år med i alt 17 møte av ulike slag og eitt fellesmøte med dei andre laga i Hallingdal. Gol Venstre hadde både før og etter valet tre representantar i kommunestyret. Desse har hatt mange innlegg i kommunestyret og arbeidd svært godt i formannskapet og utvala UKL og UNN.

B. Val av styret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: Vlasta Sundmoen
Skrivar: Gunhild Sørum
Kasserar: Hallvor Lilleslett
Styremedlem: Erlend Grubben
Vara:
1. Line Marie Nilsen, 2. Gudrun Bøthun, 3. Yngve Jystad, 4. Sigurdis Ingimundardottir, 5. Ole Martin Feet, 6. Sander Lilleslett, 7. Anna Lilleslett, 8. Per Drabløs.
Revisor: Ola V. Stake
Valnemd: Gudrun Bøthun, Hallvor Lilleslett, Per Drabløs
Val av utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre 18 – 19 febr. på Kongsberg
1. Helge Feet, 2. Hallvor Lilleslett
Vara: 1. Vlasta Sundmoen, 2. Gudrun Bøthun, 3. Gunhild Sørum

Leiar HelgeFeet takka Mildrid Nesheim for stort og godt arbeid for Gol V i mange år.

Etter årsmøta i lokallaga, var det fellesmøte for alle venstrelaga i Hallingdal. Fylkestingsrepresentant for Buskerud Venstre Helge Stiksrud var med. Han snakka om kor viktig det er å samarbeide for å få gjennomslag for saker i Buskerud. Både samhandlingsreformen og kollektivtrafikk var tema som vart tekne opp.
Årsmøtet vart avslutta med hyggeleg bordsete med felles middag.



Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092