Mona H. Hellesnes
12.02.2008 Mona Haugland Hellesnes er ordfører i Ulvik.
Hellesnes vart etter valet i 2007 ordførar i Ulvik. Ho leia fylkeslaget i perioden februar 2008 - februar 2010 og sit no i Venstres sentralstyre.
- Det vert viktig å gjera synleg dei kvalitetane som Hordaland har, seier ho.
Hellesnes har vore svært engasjert mot monstermastene, som vert planlagde i fjordane. - Eg synest det er ein svært konservativ politikk å leggja overføringskablar i luftspenn over det svært vakre og verdfulle landskapet i Hordaland. Dette vil vera ei svært viktig sak for fylkeslaget framover, heiter det mellom anna i meldinga.
Lokale nyhende




