Hordaland Venstre sin miljøpris

Hordaland Venstre har sidan 2005 delt ut ein miljøpris for å gje ei utmerking og synleggjering av god miljøinnsats i fylket. Prisen vert delt ut på verdag miljødag, 5. juni kvart år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Prisen kan gå til ein person eller organisasjon. Prisen har vore eit diplom og relieff i keramikk.

Medlemmer i Venstre kan sende inn forslag til kandidater til prisen. Fristen for dette er sett til 15. mai samme år. Fylkesstyret er jury for utnevninga.

Statuttar for prisen:

Som retningsliner for juryen sitt arbeid har Hordaland Venstre utarbeidd desse statuttane:
– Prisen skal tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord
– Prisen skal tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt i eigen organisasjon t.d. energiøkonomisering.
– Prisen skal tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt for å skapa bærekraftige lokalsamfunn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**