Vil ha entreprenørskap som skulefag

06.09.2009 Hordaland Venstre ønskjer seg større fokus på entreprenørskap i skulen. Ungdomskandidat Runar Mæland vil ha prøveprosjekt på Sotra Vidaregåande Skule.


Mæland meiner Sotra Vidaregåande er flinke til å samarbeide med det lokale næringslivet, men at regjeringa må engasjere seg ytterlegare. – Venstre vil ta initiativ til eit prøveprosjekt med entreprenørskap som eige programfag for alle dei yrkesfaglege retningane. Slik systemet er i dag, må eit slikt initiativ gå gjennom departementet, seier Mæland, som er femtekandidat på Hordaland Venstre si liste.

Gode føresetnader i Sund
Stortingskandidaten får støtte av Elizabeth Toft Erichsen, som ønskjer eit slikt initiativ velkommen.
– Sotra Vidaregåande har gode føresetnader for å få til eit slikt prøveprosjekt. Kontakta mellom skulen og det lokale næringslivet er god, og eit auka fokus på entreprenørskap i vil gagne heile kommunen.


Dessutan ønskjer Venstre mindre fokus på teori i yrkesfaga, mellom anna for å hindre fråfall. Entreprenørskap i skulen er ein god måte å kombinere teori med ein praksis som ikkje berre kjem elevane til gode, men samfunnet som heilskap, seier kommunestyrerepresentanten frå Sund.

Fire prøveskular i Hordaland
Mæland ser for seg at fire vidaregåande skular i Hordaland bør med i eit slikt prosjekt; i tillegg til Sotra vil han ha med Os, Stord og Odda.
– 70 prosent av verdiskapinga i Noreg skjer på Vestlandet, mykje av det i Hordaland. Fylket er ein openberr stad å satse tungt på entreprenørskap, meiner den unge Venstrepolitikaren.


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092