bedrift
miljø
ansvar
skole
Venstre lokalt

Kontakt

Hordaland Venstre

St. Jakobsplass 9
5008 BERGEN
Telefon 5555 3060
E-post: hordaland@venstre.no

Fylkessekretær:
Gro Gjelsvik
Mob.tlf: 980 17 528

Gruppesekretær:
Tallak Rundholt
Mob.tlf: 482 33 775

Webredaktør:
Tallak Rundholt
Mob.tlf: 482 33 775

Ansvarlig redaktør:
Synnøve Handeland

Facebook:
Bli fan av Hordaland Venstre


Hordaland Venstre

Ny fylkesleiar kraftig ut mot monstermaster

07.02.2010 Hordaland Venstre valde i helga å kritisere Statnett sine planar om monstermaster i Hardanger i skarpe ordelag. Den nyvalde fylkesleiaren markerte seg også som ein innbiten motstandar av prosjektet. – Venstre respekterer den klare folkemeininga som har kome til uttrykk i dei råka områda, og seier kontant nei til monstermaster, seier Synnøve Handeland.

Statsnett sine planar om nye luftspenn på 420 kv frå Sima i Eidfjord til Samnanger med master på opptil 45 meters høgde har vekt ein voldsam tverrpolitisk motstand i dei råka kommunane. Fylkesleiar Handeland meiner det er ei nasjonal interesse å forsvare dei unike fjordlandskapa Hardanger, og ikkje minst næringsgrunnlaget og bukvaliteten for innbyggjarane i regionen.

- Dette handlar om naturvern, om verdiskaping og om respekt for lokaldemokratiet. Kort sagt så handlar det om grunnleggjande kjerneverdiar for meg som Venstre-politikar, seier Handeland, som i tillegg til å leier Hordaland Venstre også er varaordførar i Kvinnherrad kommune.

Sår tvil om behovet
”Frå eksperthald er det sådd tvil om ein faktisk treng dei nye kraftleidningane, og det må såleis gjennomførast ein skikkeleg gjennomgong av alle fakta før ein konkluderer”, seier Hordaland Venstre i den politiske fråsegna om monstermaster som vart samrøystes vedteke under årsmøtets avsluttande dag.

”Dersom energiforsyninga krev at ein byggjer nye kraftleidningar, er det berre jord- eller sjøkabling som kan aksepterast”, slår partiet vidare fast.

- Kan kombinere med Hardangertunnel
Hordaland Venstre ser vidare føre seg at kabling kan kombinerast med andre samfunnsnyttige prosjekt, til dømmes byggjinga av Hardangertunnelen.

- Det ville vore fornuftig om ein i arbeidet med å realisere Hardangertunnelen kan gjere denne til ein felles veg- og krafttunnel. I samspel med sjøkabling til Norheimsund vil dette vere den mest miljøvenlege og samfunnsnyttige løysinga for kraftoverføring frå Sima til Samnanger, hevdar Synnøve Handeland.

Viktig for turismen – og heile fylket
Handeland legg vekt på at dei unike naturområda i Hardanger har ein eigenverdi, men nemner også at dei har ein stor verdi for turistnæringa.


- Turistnæringa står for ei verdiskaping som kjem heile Hordaland til del, og Hordaland Venstre ynskjer ei satsing på denne viktige næringa for fylket vårt. Då er ikkje monstermaster ein del av løysinga, seier den nyvalde fylkesleiaren, som lovar at kampen mot monstermastene vil stå høgt på Venstre sin politiske agenda framover.

 Arkiv |  Utskrift | Del og tips Del og tips
Presentasjon

Vår visjon:
Venstres visjon er et sosialt og liberalt kunnskapssamfunn hvor folk har frihet til å skape sin egen vei til det gode liv, med ansvar for hverandre og miljøet.
Les mer her

Engasjer deg i Venstre!
Hordaland Venstre trenger ditt engasjement.
Flere måter å støtte Venstre på

Folkevalgte:
Ved sist stortingsvalg fikk Venstre 4.6% av stemmene i Hordaland. Ved fylkestingsvalget i 2007 oppnådde vi 5.8%.
Folkevalgte

Våre politikere
Lokale nyheter
02.09.2010 Bergen Venstre

1000 bedrifter på 20 dager

31.08.2010 Bergen Venstre

Møt toppkandidatene

29.08.2010 Bergen Venstre

Hvorfor er ikke Venstre Norges største parti?

29.08.2010 Voss Venstre

Venstre har 10,9% av vossingane i ryggen!

28.08.2010 Bergen Venstre

Byrådet må ta Haakonsvern på alvor

27.08.2010 Os Venstre

Os Venstre inviterer medlemmer til introduksjonskurs

26.08.2010 Bergen Venstre

Baklengs inn i fremtiden

24.08.2010 Bergen Venstre

Trist at kulturkutt går ut over unge

22.08.2010 Bergen Venstre

Byrådet innfører minimums-barnevern!

Søk i nettstedet
Søk i nettstedet

Fyll inn søkeord og trykk søk.

Venstre mener
Lokal kalender

kalenderKalender: Hordaland

17.09.2010 Fylkessamling 17. - 18. september skolepolitikk
18.09.2010 Styremøte
27.10.2010 Styremøte
30.10.2010 Lokalpolitisk nettverk 2. samling - 30. -31.10.
17.11.2010 Styremøte
Politisk dialog
Delta på Liberal.no

Delta i debatten på Liberal.no; Venstres arena for dialog og deltagelse.