Synnøve Handeland

Fylkesleiar Synnøve Handeland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Synnøve har vore med i Kvinnherad Venstre sidan 1995. Ho har gjennom desse åra også vore aktiv i kommunepolitikken, fyrst i kontrollutvalet i ein periode, så varamedlem til kommunestyret og medlem av forvaltningsstyret og ved siste val vart ho varaordførar.
I tillegg er ho leiar i Administrasjonsutvalet.

Ho har engasjert seg mykje i skulepolitikk, samferdsel og kommuneøkonomi; å gjera kommunane rusta til å ta seg av oppgåvene i framtida er eit viktig mål for hennar engasjement. Likeeins er rammevilkåra for småbedrifter ei hjartesak.

Synnøve har også vore i styret for Kvinnherad Venstre, både som leiar, nestleiar og styremedlem. I dag er ho styremedlem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**