Fylkets klimaplan

I handsaminga av Hordaland fylkeskommune sin klimaplan på fylkestinget tirsdag, fremja Venstre i lag med SV eit forslag om å nekte Mongstad vidare utsleppsløyve. Harald Hove kallar kraftverksaka ein industripolitisk skandale.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Mongstad, gasskraft, oljeraffineri

– Fylket sin klimaplan er veldig god, men tek ikkje høgde for den aller største klimaverstinga i Hordaland, seier Venstre sin gruppeleiar. Saman med SV har han fremja eit forslag om å trekke tilbake utsleppsløyve til gasskraftverket på Mongstad.

Staten må kompensere
Venstres fylkestingsgruppe støtter også framlegget om at dersom Mongstad skal fortsette å sleppe ut klimagasser som før, må staten kompensere med andre klimatiltak, som å få reisetida med tog mellom Bergen og Oslo ned til fire timar.

Harald Hove portrett

— Regjeringa har ikkje fått til den såkalla månelandinga si. Eg tykjer det er på sin plass at dersom staten ikkje gjer jobben sin, bør me i fylkestinget gjere det me kan. Om ikkje regjeringa holder løftet sitt om rensing, får dei i alle fall legge andre tiltak på bordet, og det er det høve til at fylkestinget krev av dei, seier Hove til slutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**