Baklengs inn i framtida

22.07.2010 Regjeringa sitt vedtak om å tillate bygging av monstermastene i Hardanger går på tvers av vårt ønskje om å vidareutvikla ein moderne nasjon ved å spele på lag med naturen, skriv Rolf Nesheim i dette innlegget.


Hardanger er ei perle. At regjeringa vil ofra dei evigvarande verdiane naturen der representerer for at oljeselskapa skal få ”gratis” elektrifisering av oljesokkelen er ufatteleg. Når ein skreller vekk argumentasjonen om forsyningstryggleik til Bergen og otten for småkraftverka, slik Odfjell, Hellesnes og andre har gjort, er det dette som står att av argumentasjon for denne avgjerda.

Det burde vere sjølvsagt at regjeringa, slik ein gjer på andre område, krev at dei som forureinar deltek i spleiselaget for å få til linjeføring i sjøkabel. Slik kan dei forureine mindre i eiga verksemd, og slik vil dei unngå at andre må bere ulempene med at dei ryddar opp i eiga forureining.

Det har regjeringa unnlate å gjere. For denne unnlatinga er ho villeg til å betale 100 millionar kroner slik at Hardangerfolket skal slå seg til tåls med tapet av dei evigvarande verdiane som ligg i landskapet. Eg forstår opplevinga av avlat og reaksjonane på dette.

Stormen av innlegg som er usamd i avgjerda, og som også tek til orde for sivil ulydnad, viser at heller ikkje den taktiske vrien med å offentleggjere avgjerda opp mot fellesferien er ein suksess.

Foto: Anne Mette
Rolf Nesheim
Fylkesstyremedlem Hordaland Venstre

(Innlegget stod på trykk i BT 22. juli 2010)


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092