Jernbanesatsing no, også utanfor Austlandet!

23.07.2010 Hordaland Venstre etterlyser ei nasjonal jernbanesatsing som gjer toget konkurransedyktig med fly, privatbiler og tungtransport. Dette vil gje store gevinstar i form av trafikksikkerheit, næringsutvikling og miljø, og ikkje minst; ein kjem seg raskare fram.


Klimakrisa krev at me prioriterer samferdsleprosjekt som får fleire til å reise miljøvenlig.

Opprusting av Bergensbana, Dovrebana og Sørlandsbana er ikkje alternativ til eit framtidig lyntogprosjekt, men starten på ein framtidsretta jernbane mellom Noregs største byar. Anten framtida sin lyntogstrekning skal gå i nye trasear, eller basere seg på dei eksisterande, vil det være behov for desse banane i lang tid framover.

Derfor må ikkje visjonane om lyntog bli en unnskyldning for ikkje å ruste opp regionlinene nå, slik regjeringa og stortingsfleirtalet diverre har lagt opp til i gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP).

Venstre har i sitt alternative forslag til NTP vist at det er mogleg å finansiere ei nasjonal jernbanesatsing som gir reisetider på 4 timer mellom Oslo – Bergen og Oslo-Trondheim, 3 timer Oslo - Kr. Sand og 80 minuttar Oslo - Skien/Halden/Lillehammer. Hordaland Venstre oppfordrar no til en nasjonal mobilisering for å krevje at desse prosjekta realiserast innan 2020.

Det er ikkje berre miljøet som vil dra fordeler av et raskare jernbanenett. Det vil også vere svært viktig for næringslivet å ha eit reelt alternativ til fly. Med kortare reisetider vil nok mange velje komfort framfor kø på flyplassane.

Innkorting i reisetida vil også effektivisere godstransporten i store deler av landet. Framtidsretta politikarar brukte et heilt statsbudsjett på å byggje Bergensbana i 1909. Regjeringa let en unik moglegheit gå frå seg i klimaåret 2009 då Bergensbana var 100 år.

Det er likevel framleis mogleg å realisere en nasjonal jernbanesatsing som står ferdig innan 2020. Det er berre viljen det står på.


Anne-Beth Njærheim
Fylkestingsrepresentant frå Venstre i Hordaland

(Innlegget sto på trykk i Haugesunds Avis 21.7.2010)

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Lokale nyhende
23.05.2012 • Bergen
Bruk pengene på Bybanen

23.05.2012 • Stord
SV ofrar Nathan for regjeringsmakt

22.05.2012 • Bergen
River gjerne Bygarasjen

21.05.2012 • Bergen
Sprøyterom redder liv

16.05.2012 • Venstrekvinnelaget i Hordaland
Er strippeklubber noe vi trenger her i Hordaland?

15.05.2012 • Bergen
Fremdeles skeptisk til tunnel

15.05.2012 • Fjell
Venstredag på Kystkultursenteret

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092