- Henriksen vinglar meir enn sjølv Venstrefolk klarer
28.08.2010 Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes, deltok på opninga av Studentersamfunnet i Bergen fredag, med debatt kring monstermastane i Hardanger. Hellesnes er ikkje imponert over prosessen, eller argumenta til motstandarane.

Foto: Bjørn-Anders Hind
- I byrjinga var det kostnadane med ei skånsam løysing som gjorde at ein ikkje kunne byggja sjøkabel. Seinare vert forsyningssikkerheita trekt fram som eit hovudargument. No seier konserndirektør i Statnett nok ein gong at det er eit spørsmål om pengar. For ei tid tilbake avviste kommunikasjonsdirektøren deira nett det same. Dette heng ikkje på greip, seier Hellesnes.
I debatten kom også publikum til orde, og Arbeidarpartiet vert stilt til veggs når det kom til forbruksreduksjon og ENØK-tiltak.
– Korkje representanten frå regjeringa eller etatane kunne svare på kor mykje reduksjon i straumforbruket ein kunne ha fått hadde ein brukt pengane på miljøtiltak heller enn fleire master. Det er tydeleg at dei ikkje eingong har tenkt på slike alternativ, seier Hellesnes i etterkant av debatten.
Lokale nyhende




