Bjørnar Hamre

08.10.2009 Hei!


Foto: Ukjent
Eg er 26 år, kjem opphavleg frå Selje i Sogn og Fjordane, men flytta til Bergen 2001. Til dagleg jobbar eg som IT-konsulent i Helse Vest IKT samstundes som eg studerar informasjonsvitskap og leiing. Eg har sidan valkampen 2005 vært aktiv i Hordaland Unge Venstre, kor eg har hatt mange verv inkludert fylkesleiar. Eg blei på eit medlemsmøte i Hordaland Unge Venstre vald til ungdomskandidat til Fylkestinget, og skal derfor representere Unge Venstre i fylkestingsvalkampen.

Grunnen til at eg har lyst på ein plass på Fylkestinget er at eg er opptatt av å forbetre den vidaregåande skulen, og ynskjer då særlig å fokusere på områda fråfall, lærlingar og yrkesfagleg utdanning. Av dei cirka 13000 yrkesfagelevane som på landsbasis søkte om lærlingplass i mars, står no 4500 utan lærlingplass. Det er altfor mange unge som aldri får høve til ei grunnleggande vidaregåande utdanning; som står utanfor arbeidslivet allereie før ein har teke del i det. Fylkeskommune sin handlingsplan mot fråfall er berre eit lite steg i riktig retning - fylkeskommunen må også auke fokuset på lærlingar og mangel på lærlingplassar. Eg har sjølv gått på fire forskjellige vidaregåande skuler i to forskjellig fylker, og vore IKT-lærling på ein femte. Dette har gitt meg mange erfaring eg ynskjer å ta med seg inn på Fylkestinget.


Liberal helsing
Bjørnar Hamre

Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092