Hellesnes på topp

Ulvikordførar og profilert monstermastemotstandar vart fredag nominert på topp på Venstre si fylkestingsliste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona Hellesnes leder i Hordaland Venstre

Foto: Frode Nergaard Fjeldstad

– Eg takker for tilliten, og vonar eg kan gjere ein god jobb for partiet og for Hordaland, seier Hellesnes.

Mona Haugland Hellesnes sit også i sentralsstyret til Venstre, samstundes som ho er ordførar.

– Ein av dei tinga eg kan bidra med i Hordaland, er å sjå både lokalpolitikken, fylkespolitikken og rikspolitikken i samanheng. Det er eit viktig utgangspunkt for å sikre ei best mogleg utvikling i heile fylket, seier toppkandidaten.

Med seg har Hellesnes Alf Helge Greaker frå Bergen på andreplassen, Anne-Beth Njærheim frå Bømlo på tredjeplassen, Bjørnar Hamre frå Bergen på fjerdeplassen, og Rolf Nesheim frå Lindås på femteplassen.

Hellesnes vonar dei skal få minst fem representantar på fylkestinget etter valet til hausten.

– Venstre kjem til å satse ytterlegare på samferdsle og næringsutvikling. For å få til berekraftig vekst i fylket, treng me eit sterkare Venstre, legg Hellesnes til.

På æreplassen til slutt på lista står Venstreveteran Harald Hove, som til hausten takkar av etter fire perioder på fylkestinget.

Lista i sin heilskap kan du sjå her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**