MONA HAUGLAND HELLESNES

Mona er fylkesvaraordfører i Hordaland og gruppeleiar for Venstre i fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona_Haugland_Hellesnes

Foto: Reinhold Kager

Mona Haugland Hellesnes er gruppeleiar for Venstre i fylkestinget, og er fylkesvaraordførar i Hordaland. Ho var Venstres 1. kandidat ved valet i 2011.

Mona, fødd i 1967 og oppvaksen på Askøy, har budd i Ulvik sidan 1992 og vore aktiv i lokalpolitikken sidan 1994. Ho var ordførar i Ulvik frå 2007 til 2011, og leiia Venstre i to val på rad til å bli det største partiet i heradsstyret. Ho sit i dag i heradsrådet i Ulvik.

Mona har vore sentralstyremedlem i Venstre sidan 2010, og var fylkesleiar i Hordaland Venstre frå 2008 til 2010.

Mona er særleg oppteken av vilkåra for næringslivet i regionen, og ynskjer å jobbe aktivt med tilrettelegging og stimulering for både nye og eksisterande verksemder, på tvers av kommunegrensene. Venstre ynskjer ein næringsvenleg fylkeskommune som legg til rette for eit miljøvenleg og nyskapande næringsliv.

Viktige saker for Mona er:
•legge til rette for gründerskap og utvikling i privat næringsliv
•støtte regionalt næringssamarbeid
•vidareutvikle Bergensregionen som eit internasjonalt kraftsenter for marin kompetanse
•sjå den heilskapelege politikken i samanheng med næringsutvikling

Mona er også oppteken av vidaregåande opplæring, og særleg yrkesfagutdanningane. Dei er det viktigaste satsingsområdet for Venstre i inneverande periode, og vi meiner at hovudproblemet her er eit for stort fokus på teori.

Vi vil difor prioritere:
•at Hordaland skal bli forsøksfylke for å kunne velje mindre teori i yrkesfaga
•styrke samarbeidet med det lokale næringslivet om arbeidstrening og elevverksemder
•leggje til rette for alternative vegar til fagbrev
•sikre at alle lærlingar får læreplass

Som ordførar i Ulvik arbeida Mona også mot kraftlinene gjennom Hardanger. For ho har denne saka vore ein kamp for lokaldemokrati, lokalt sjølvstyre og for den verdien naturen og kulturlandskapet vårt representerer. Desse verdiane er grunnleggande for Venstre.

Sjå Mona i TV-debatt på NRK her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**