ANNE-BETH NJÆRHEIM

Anne-Beth er fylkestingsrepresentant for Venstre og leiar i Kultur- og ressursutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Anne-Beth Njærheim

Foto: ukjent

Eg heiter Anne-Beth Njærheim, er 46 år, gift og har to voksne born. Eg bur på Bømlo — Bremnes.

Eg har vore kommunepolitikar sidan 1995, då som vara til kommunestyret i Bømlo og vara til tekninsk utval. Mellom 1999 og 2007 var eg fast representant i kommunestyret; fyrst som nestleiar i utval for skule og oppvekst, så som medlem av formannskapet.

Sidan 2007 har eg vore fylkestingsrepresentant for Venstre og møtt i samferdsleutvalet.

Eg er utdanna anestesisjukepleiar og har også utdanning innan leiing og administrasjon i helsesektoren. Mi leiarerfaring er frå medisinsk klinikk mellom 1997 og 2002 og deretter fra april 2009 til dag dato på Stord sjukehus. No har eg byrja i ny jobb som prosjektkoordinator med års engasjement i Bømlo kommune.

Elles har eg variert yrkeserfaring både fra Ullevål Sykehus på slutten av 80-talet, ambulansepersonell på 90-talet, kombinert med jobb innen akuttmedisin på Stord sjukehus.

Eg engasjerte meg i lokalpolitikken spesielt på grunn av skulepolitikken. Eg har hatt og har ei rekke styreverv, både som styreleiar og som styremedlem, alt frå kraftlag til kulturhus. I tillegg har eg i ei årrekke vert speidarleiar og engasjert i ein del anna frivilling arbeid. Eg vonar eg kan nytte mi erfaring til beste for Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**