Fylkeskommunen kjører elektrisk i 2015

Venstre har tidlegare i år stilt spørsmål til fylkesordførar om bruk av el-bil i Hordaland fylkeskommune. «Det er difor særs gledeleg at fylkesrådmannen foreslår å bytte ut så mykje som mogleg av den fylkeskommuneale bilparken med el-bilar i budsjettet for 2015,» seier fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Venstre, Mona H Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I forslaget til budsjett for 2015 har foreslår fylkesrådmannen å bytte ut den fylkeskommunale bilparken med el-bilar, og ber om ei løyving på 5 millionar kroner til innkjøp av 40 bilar. Venstre er svært positive til ei elektrifisering av bilparken og ynskjer fylkesrådmannen sitt forslag velkommen.

Det er framleis under 3% av bilparken i Hordaland som er elektrisk. Ein reduksjon av utslepp frå bilar er viktig for både lokal luftforureining og for klimaregnskapen, seier Hellesnes.

Venstre var med på å løyve 5 millionar ekstra til ladestasjonar for el-bilar i Hordaland, i budsjettet for 2014. Dette har utløyst både statlege, kommunale og private midlar og ført til etablering av både hurtigladestasjonar på hovudvegane og normalladepunkt i burettslag og sameige.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**