Anne-Beth Njærheim ny førstedame

På nominasjonsmøtet fredag 14.november vart Anne-Beth Njærheim samrøystes vald som ny toppkandidat til fylkestingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Anne-Beth Njærheim

Foto: Elizabeth Toft Erichsen

Venstre si viktigaste sak komande valperiode er å sikre klima og miljøvenlege transportløysingar for innbyggjarane i Hordaland. Auke i kollektivtilbodet særskilt i Bergensområdet, men og til og frå regionsentra rundt i fylket, vil bidra til at fleire vel kollektiv framfor eigen bil.

-Vi må heile tida leite etter tiltak som gjer at folk prioriterar miljø og at vi reduserar klimautslippa, og gjennom det gjere Hordaland til et foregangsfylke for resten av landet, seier ho

Kommunane må bli betre på samordning når det kjem til regional planlegging, slik at ein sikrar at sentra vert tilrettelagt for effektiv og miljøvenleg kollektivtransport, både på hjul, skinner og kjøl. Venstre har vore, og kjem fortsatt til å være ein, pådrivar for at tiltaka i Hordaland fylkeskommune sin vedtekne klimaplan, skal verte gjennomført.

Njærheim trekk og fram førebygging og helsefremjande arbeid, reduksjon i fråfall i vidaregående opplæring og trafikksikring som viktige saker for ho og Venstre.

Geir Kjell Andersland

Foto: Elizabeth Toft Erichsen

Geir Kjell Andersland frå Bergen vart vald som Hordaland Venstres 2.kandidat ved akklamasjon.

– Ein ny vestlandsregion vil være velegna til å overta sjukehus, spesialisthelsetenese, statleg barnevern og kunne erstatte fleire direktorat som i dag er under regional statleg styring. Slik regional statleg styring må i framtida verte regional folkevald styring.

Geir Angeltveit

Foto: Elizabeth Toft Erichsen

Ungdomskandidat Geir Angeltveit frå Stord vart vald som 3.kandidat

– Hordaland er i vekst, her er unge folk, og Venstre har mange unge veljarar. Det er godt at det vert vist gjennom nominasjonen, seier Geir Angeltveit. Han meiner det er avgjerande for valet neste år at Venstre har unge kandidatar høgt oppe på listene.

Hordaland_topp5_2015

Foto: Kari Østervold Toft

Elizabeth Toft Erichsen frå Sund vart vald som 4.kandidat, medan Torstein Gunnarson frå Voss vart vald som 5.kandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**