Meir til kollektiv, opplæring, klimaplan, kultur og vegvedlikehald

Fleirtalet frå Venstre, Høgre FrP og KrF vedtok budsjettet for 2015 i dag 9. desember, der viktige område for Venstre vart styrka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Trolleybuss TIDE Buss

Foto: Alf Helge Greaker

-Ein reduksjon i takstauken på 30-dagers periodekort frå 780 kr til 745 kr er viktig for dei som brukar kollektivtilbodet mest, og for at potensielle nye, faste reisande skal vurdere kollektiv som eit alternativ, seier Mona H Hellesnes, gruppeleiar for Venstre. Samstundes er det lagt inn ei samordning av prisen på barne- og ungdomskortet, der prisen vil verte lik på begge kort.

Opplæringsbudsjettet vert auka med 11,5 millionar. Det vert sett av midlar til meir utstyr og til auka marknadsføring av yrkesfag ved dei vidaregåande skulane, med mål om auka rekruttering dei neste åra.

– ei auka satsing på yrkesfag er ei viktig satsing for framtida. Vi ser no ein alvorleg nedgang i tal søkarar til yrkesfag. Hordaland treng både nok og gode fagarbeidarar og i tida som kjem, seier Haugland Hellesnes.

Mona Haugland Hellesnes

Foto: ukjent

Satsing på sommarskule i Sunnhordalandsregionen etter vellykka sommarskular i Bergen og på Askøy er og blant tiltaka innanfor opplæring. Her får fleire ein ekstra moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring.

Fylkesvegane i Hordaland har eit utstrakt behov for vedlikehald. Venstre har difor, saman med Høgre og Frp foreslått ein ekstra innsats på fylkesvedlikehald og dekkelegging på 60 millionar i 2015. Hordaland har eit stort etterslep på vedlikehald på fylkesvegane. Då vi hadde eit ekstra overskot på rekneskapen i 2013, kan vi ta dette ekstra løftet i 2015 utan at det går på bekostning av drifta på andre område.

Sykkel VM i 2017 og auka fokus på sykkel generelt må nyttast til å satse mot ei auke i bruken av sykkel som framkomstmiddel og som eit folkehelsetiltak. Målet er at ein skal få til ei auke i sykkelreisar i tråd med målsettingane i Regional transportplan. Her er det sett av 500.000. Vidare er det løyvd 400 000 til markering av Friluftlivets år 2015.

Statsraad Lemkuhl har fått ei auke i driftstilskotet på omlag 300.000, i tråd med føresetnadene for Kulturdepartementet sitt tilskot. Det vil gje auka satsing på opplæring av ungdom til sjøs. Driftstilskotet til Litteraturhuset i Bergen er og auka med 200.000. Litteraturhuset har sidan starten klart å etablere seg som ein viktig møteplass i Bergen og resten av Hordaland.

Ein ekstra million til tiltak i Klimaplanen er og med i budsjettet.

Budsjettet vart vedteke med fleirtal frå Venstre, Høgre, FrP og KrF.
Heile budsjettforslaget kan lesast her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**