Tidsdifferensierte bompengar

Alf Helge Greaker, Foto: Jo Lerheim

Venstre i Hordaland fylkesting, støtta i dagens møte i samferdselutvalet opp om vedtaket i Bergen bystyre om å innføre tidsdifferensierte bompengar. Diverre blei det ikkje flerital for dette, og Høgre røysta til og med ned heile innstillinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Årsaka til at dei blei mindretal for saka, var at det mangla to representantar (Ap og SP) i utvalsmøtet. – Men eg er skuffa over Høgre si vingling og at eit såpass stort parti ikkje viser meir ansvar i ei såpass stor sak, seier Alf Helge Greaker (V), nestleiar i samferdselsutvalet. Han fremja og tilleggsframlegg som Bergen Høgre var med på i komite for miljø- og byutvikling, men dette blei også røysta ned. – Eg vil minne Høgre på at dei tidlegare har vore positive til denne type bompengar hvis det kom frå kommunen sjølv, seier Greaker.

Saka går vidare til fylkesutvalet, og fylkestinget i mars. Greaker er positiv til at saka skal få fleirtal om bystyrevedtaket til slutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**