Bømlo; ein enno betre plass å bu!
08.09.2011 Lesarinnlegg av Vanja Espeland i Bømlo-Nytt 7. september.
Bømlo; ein enno betre plass å bu!
Kvifor engasjera seg i lokal politikk? Kan ein gjera ein forskjell? Tja, vil vel nokre seia, andre meiner det er for mykje kjeft å få, ein stiller seg lagleg til for hogg – og det er vel aldri lurt….
Men valet er gjort og eg seier ja, ja til Bømlo Venstre og ja til lokalpolitikk om eg vert vald inn. Årsaka er enkel; eg vil vera med og gjera Bømlo til ein enno betre plass å bu. Eg vil påverka kvardagen til mine born og deira framtid, og eg ynskjer difor å vera med å bestemma dagsorden!
Eg ser kva Bømlo sitt innovative, særs varierte og veksande næringsliv betyr og har betydd i kommunen vår. Ei usedvanleg gründerånd i denne kommunen har skapt mange og trygge arbeidsplassar. Flott natur er me forsynt med, og gode krefter har utvikla eit rikt idrettsliv og tildels berømt kulturtilbod dei siste tiåra. Ikkje minst det siste er trur eg er ein av nøklane til å utvikla Bømlo vidare. For å ivareta alle dei offentlege oppgåvene som skal løysast framover, treng me fleire hender i arbeid på Bømlo. Me treng kvalifiserte tilflyttarar, og då er konkurransen hard, ikkje minst med byane kring oss. Korleis løyser med det?
Sjølv ynskjer eg meg ikkje berre ein jobb, men trygge og gode fritidstilbod for familien. Ikkje minst for borna. Og slik trur eg det er for dei fleste av oss når me skal velja stad å bu. Bømlo har etter kvart eit godt ry i så måte. Kultur og idrett er ikkje berre ”kjekt å ha”, det er lim i og mellom bygdene i kommunen vår og god reklame overfor tilflyttarfamiliar! Og gode opplevingar frå barne- og ungdomsåra kan saman med spanande arbeidsplassar vera tunga på vekstskåla når ein skal velja korvidt ein skal flytta heim att etter endt utdanning eller ikkje. Kultur- og idrettslivet gjev høve til utvikling, lærdom og gode opplevingar både for born og vaksne, og ikkje minst; det skapar fellesskap og bulyst i kommunen vår!
Utan frivillige ville me ikkje hatt det relativt gode kultur- og idrettstilbodet me ser i kommunen i dag. Venstre ynskjer å støtta opp om eldsjelene som bidreg til at Bømlo kommune vert enno trivelegare og meir spanande å leva i, både på jobb og i fritida. Venstre skal vera eldsjelene si stemme i lokalpolitikken!
Vanja Espeland
2. kandidat Bømlo Venstre
Regionale nyhende




