Masfjorden Venstre

Ei positiv folketalsutvikling for Masfjorden kommune er eit overordna mål for Masfjorden Venstre. Masfjorden har ein variert og vakker natur som gjev alle høve til gode opplevingar. Venstre vil arbeida for at kommunen skal behalda, vidareutvikla og styrka dei offentlege tensetetilboda me har idag. Venstre vil satsa på næringsliv, samferdsel, miljø og kultur.

Aktuelt
Egil 19.08.2011
1. kandidat Egil Kvingedal

Eg heiter Egil Kvingedal, er 43 år, og er busett på Hope i Masfjorden kommune. Eg er oppvaksen i Masfjorden, men har store delar av arbeidslivet arbeidd på anlegg og i industrien. Til daglig er eg sjølvstendig næringsdrivande.

Tove Kristin 19.08.2011
2. kandidat Tove Kristin Sleire Tistel

Tove Kristin Sleire Tistel, født-71 Busett på Sleire i Masfjorden Kommune sidan sommaren 2007. Gift og har tre døtre i alderen 7, 9 og 12 år Driver gard med spelsau og er med i Litle Sleire Villsau- Kulturlandskap i drift. Er utdanna Agronom, Hjelpepleiar og Kreftsjukepleiar. Har sidan 2008 vore tilsett som Kreftsjukepleiar ved Kompetansesenteret i Lindrande Behandling-Helse Vest i 20 % stilling. Byrja i 2009 som Avdelingsleiar i Heimetenesta Sør, Masfjorden i 80 % stilling. Har tidlegare budd, studert og arbeidd i Sogn og Fjordane i tilsaman 16 år.

Øystein 19.08.2011
3. kandidat Øystein Bolset Strand

Eg heiter Øystein Bolset Strand, er 22 år og er oppvaksen på Sandnes. Til vanleg studerer eg historie ved universitetet i Bergen og bur på hybel på Laksevåg. Når eg likevel har eg valt å engasjera meg i Masfjorden Venstre, er det fordi eg meiner heimkommunen min er ein flott plass å bu, og eg vil arbeida for at fleire vil busetja seg her.

18.08.2011
Framtid for Masfjorden

Om berre nokre få veker er det tid for å velja nye kommunestyrerepresentantar i Masfjorden. Dei siste åra har Masfjorden kommune hatt ei svak auke i folketalet. For Masfjorden Venstre er det eit overordna mål at den positive folketalsutviklinga held fram.

Valg 2011 09.05.2011
Venstrelista i Masfjorden 2011

Her er vallista for Venstre i Masfjorden. Egil Kvingedal er toppkandidat.

Terje Breivik 07.03.2011
Venstreskulen trinn 1 i Nordhordland

Vi har gleda av å invitere til Venstreskulen trinn 1 i Nordhordland tysdag 22. mars kl.17.00 i kantina på rådhuset i Lindås. Kursleiar er Terje Breivik.

Natur, sol, hav 10.12.2008
VENSTRE KREV UBÅTVRAKET HEVA

Regjeringa vel ei dårleg og kortsiktig løysing om dei ikkje hevar vraket av U-864 no.

Venstrekake 15.08.2007
PROGRAM FOR 2007-2011

Framtid for Masfjorden

Stem Venstre! 15.06.2007
Valliste 2007

Her er Masfjorden Venstre si valliste 2007


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
06.02.2012 • Hordaland
Fire vil på tinget for Venstre
05.02.2012 • Hordaland
Nytt styre i Hordaland Venstre
19.01.2012 • Hordaland
Venstre satsar på snøggbåt
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092