PROGRAM FOR 2007-2011

15.08.2007 Framtid for Masfjorden


VENSTRE vil oppretthalda dei gode tilbod me har i dag, i barnehage, skule, SFO, helseteneste, pleie og omsorg.
Me kan ikkje greia det viss folketalet held fram med å gå ned.
Masfjordingar flest kjenner seg meir knytte til si eiga heimbygd enn til Masfjorden som kommune. Det blir difor viktig å leggja til rette for utvikling i alle dei tre bygdelaga våre, på den måten kan ein og sikra ei framtid for Masfjorden.

VENSTRE meiner difor at av alle viktige saker er arbeidet for å auka folketalet den aller viktigaste. Alle krefter må setjast inn på å snu den negative folketalsutviklinga kommunen no er inne i.

VENSTRE har tru på det skapande mennesket. Me trur at me kan få til ei positiv utvikling i bygdene våre dersom fleire engasjerer seg og er villige til å yta. Kommunen kan ikkje ta alt ansvar for at positive ting skal skje. Men når enkeltpersonar tek initiativ og vil satsa, anten på eigen bustad eller næringsverksemd, skal kommunen strekka seg langt for å hjelpa. Etablerarar må verta møtt på ein positiv måte som gir dei lyst til å satsa og etablera seg her.

Masfjorden treng fleire arbeidsplassar. Dei må komma som resultat av private initiativ og satsing.
VENSTRE vil ha ei positiv haldning til folk som vil skapa arbeidsplassar. Kommunen må ha ei rolle som hjelpar og tilretteleggar for dei som vil etablera verksemder. Også i framtida vil ein del av våre innbyggarar måtta finna seg arbeid utanfor kommunen sine grenser.
Utviklinga på arbeidsmarknaden i resten av regionen er viktig for Masfjorden. På Mongstad og i Sløvåg vil det i åra framover truleg bli fleire industriarbeidsplassar. Knarvik vil vera viktig med sine arbeidsplassar innan tenesteyting. For at masfjordingane skal kunne gjera seg nytte av desse arbeidsplassane utanfor kommunen, er det nødvendig med betre kommunikasjonar.

VENSTRE ser det slik at for å møta utfordringane på ein måte som kan føra til vekst og utvikling, er det nødvendig å arbeida målretta med å:
* Oppmuntra ungdom til å busetja seg her i staden for i nabokommunane
* Vera konkurransedyktige på tomtepris
* Ha rask og positiv sakshandsaming i byggesaker
* Bidra med tilskot til infrastruktur
* Vera med på å byggja ”veksthus”, næringsareal der fleire bedrifter kan etablera seg
* Liggja i førekant med reguleringsplanar
* Frigjera areal sentralt på Matre til bustadbygging
* I lag med tiltakshavarar finne løysingar for at idear og initiativ skal kunne realiserast
* Marknadsføra oss på ein måte som tiltrekkjer seg tilflyttarar

VENSTRE meiner opprusting av rv 570 er nødvendig og til beste for alle: næringsliv, pendlarar og alle andre innbyggarar. Nedkorting av reisetida til Knarvik er avgjerande for at folk skal velja å bu i Masfjorden sjølv om dei ikkje finn arbeid her.
Gratis ferje over Masfjorden med utvida opningstid må til for å knyta kommunen betre saman og vil gje kortare reisetid til arbeidsplassar i Sløvåg/Mongstad for folk på Sørsida og til Knarvik for folk i Nordbygda. Ferjerutene over Masfjorden og Fensfjorden må samordnast.


VENSTRE vil satsa på kultur. Kulturtilbodet dei unge får gjennom Kulturskulen og frivillig lagsarbeid er svært velutvikla. Men det trengst møteplassar for unge og vaksne. Me må verta flinkare til å bruka dei møteplassar og kulturtilbod som alt finst, og kommunen må vera villig til å satsa pengar på å gje rom til nye. Samarbeid mellom lokale amatørar og profesjonelle kunstnarar vil vera med på å skapa eit breiare kulturelt miljø.
VENSTRE vil setja av eit fond til satsing på kultursektoren.


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092