Osterøy Venstre sitt innspel til kollektivstrategi for Hordaland

Bergensregionen går inn i ein kraftig folkeauke der det er forventa at mange vil busette seg i område og kommunar utanfor Bergen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Dette vil gje ein kraftig auke i talet på reiser i Bergensregionen; i særleg grad reiser til og frå arbeid. Strategiplanen set likevel som mål ein 0-vekst i biltrafikken. Dette vitnar om særs høge ambisjonar for kollektivtransport frå fylkeskommunen si side- noko som er bra med tanke på utfordringane folkeveksten skaper for miljø og transport.

For å nå dette målet vil Skyss satse på eit godt utvikla kollektivtilbod for dei store folkemassane, dvs. i korridorar der det bur mykje folk. Hovudtanken er at bussane skal gå i rette, effektive linjer, ikkje i sløyfer som dekker større flatar og tynnare befolka område. I første rekke er det bylinjer og transport mellom regionssenter i Hordaland som skal satsast på. Det er forventa at passasjerane som ikkje bur langs ei av hovudrutene, vil måtte ta buss til eit knutepunkt for skifte av buss. Det kan sjå ut til at tilbodet i distrikta vil bli redusert.
Det er ein mangel i kollektivstrategien at det kjem lite fram korleis kollektivløysingane vil vere for område og kommunar som ikkje ligg nær eller langs ruta til eit av Hordaland sine regionssenter. Dette er særleg viktig for dei kommunane som likevel ligg nær Bergen, og som har mange pendlarar til byen, slik som Osterøy.

Osterøy er, som dei fleste omeignskommunane til Bergen, inne i ein folkevekst. Hordaland fylkeskommune sine tal for 2012 viser at om lag 1/3 av arbeidstakarane på Osterøy jobbar i Bergen kommune. I 2012 var dette over 1250 menneske — eit tal som er blitt høgare med åra, og vil auke ytterlegare når fleire som i dag bur i Bergen flyttar til Osterøy. Kommunen har to fastlandssamband; bru og fergje, og begge desse er i bruk både av pendlarar og andre reisande. Ei god kollektivløysing for vår kommune nyttar begge desse sambanda.

Ein må forvente at kommunesenteret Lonevåg vil bli sikra gode kollektive transportløysingar. I tillegg peikar områdesenteret Valestrand-Hauge seg ut med ca. 2500 innbyggarar. Dette området vest i kommunen er eit tyngdepunkt i øykommunen sin folkesetnad. Det er også her storparten av Osterøy-pendlarane bur, og er også det området med størst ledig tomteareal. Ei god kollektivløysing for Osterøy må derfor legge til rette for ein effektiv transport som inkluderer dette områdesenteret. I dag er den kortaste og mest effektive kollektivtransporten for desse pendlarane med buss via ferjesambandet Valestrand-Breistein. Dette er eit tilbod som kan minne om ei «regionsstamlinje» slik ho er omtalt i Skyss sin kollektivstrategi, men fell utanfor definisjonen dersom høyringsdokumentet vert lagt til grunn. Det er grunn til å presisere at dette sambandet utgjer ein effektiv transport for storparten av Osterøy sine pendlarar. Dersom dette tilbodet vert redusert står ein i fare for at svært mange vil velje å kjøyre privatbil via ei nedbetalt bru (neste år), sjølv om denne reisa i kilometer er mykje lenger. Sambandet er også viktig for elevar som går på skule i Bergen og Nordhordland, t.d. den vidaregåande skulen på Knarvik (TAF). Ei reise via bru og om Arna vil vere ein lang omveg for desse elevane. Det er og grunn til å nemna at innbyggarane på Osterøy nyttar seg av fleire tenester og funksjonar som er lagt til Knarvik, m.a. legevakten. Slike tenester bør ein kunne nå gjennom kollektiv transport.

Eit godt togtilbod i Arna er svært viktig for pendlarar og andre reisande til og frå Osterøy. Tilbodet har stort forbetringspotensiale, men kan på sikt bli ei god løysing for mange ostringar, enten det vert lagt til rette for «Park and ride» ved togstasjonen eller ein får på plass direktebussruter mellom Arna og Osterøy. Vi ser det som svært positivt dersom lokaltog frå Bergen til Arna vert innlemma i Skyss sine tenester.

Osterøy Venstre meiner at utkast til kollektivstrategi for Hordaland skisserer opp gode løysingar for Bergensområdet, men rår til at ein i tillegg gjer ei grundigare drøfting for korleis ein skal nå større konsentrasjonar av pendlarar og reisande som bur nær Bergen, og som fell utanfor dei definerte områda som det skal satsast særskilt på. Eit kollektivtilbod for reisande til og frå Osterøy må omfatte både buss med ferjesambandet Valestrand-Breistein, og gode kollektivløysingar over brua kombinert med tog i Arna.

For Osterøy Venstre
Kjersti I. Vevatne

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**