Radøy Venstre
Verdigrunnlaget til Radøy Venstre byggjer på den sosiale liberalismen. Me har følgande hovudsaker: Kunnskap og like moglegheitar i skulen, eit miljøvennleg Radøy, varm velferd når du treng det, eit kreativt og verdiskapande Radøy og eit mangfaldig kulturliv.
28.08.2011Venstre vil setje ned skuleveggruppe på Radøy
- Radøy har mange farlege skulevegar. Venstre vil foreslå at ny trafikksikringsplan må utarbeidast så snart som mogeleg, og at det i den samanheng vert sett ned ei gruppe for å gå gjennom skulevegane. Dette seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.
21.08.2011Lag “Folk i form” løype på Radøy
Radøy Venstre foreslår å opparbeide ei “Folk i form” løype med lys på Radøy, og peikar på Manger-Skageneset som ein mogleg trasé. -Radøy har mange moglegheitar for mosjon når det gjeld turløyper i terreng, men manglar ein turveg ned grusdekke og lys. Dette kan vere eit viktig tiltak for joggarar, barnefamiliar med og utan barnevogn, og andre turgåarar, spesielt på vinterhalvåret, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.
21.08.2011Venstre vil ha matsatsing på Radøy
God mat er god næring, meiner Radøy Venstre, som tek til orde for å spisse ei næringssatsing på mat på Den grøne øya. - Radøy kommune manglar i dag ein tydeleg næringspolitikk, og det første som må gripast tak i er å få utarbeidd ein næringsplan, der ein spissar satsinga innanfor nokre utvalde område. Deretter må ein søkje Regionalt utviklingsprogram for Hordaland (RUP) om støtte til dette. Ei matsatsing peikar seg ut som eit naturleg område, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.
18.08.2011Ein betre skule for kunnskap og kreativitet
Radøy Venstre vil ha ein betre skule for kunnskap og kreativitet, og vil difor fokusere på innhaldet i skulen. Inntil kommunen fekk på plass ei kvalitetsmelding for Radøy-skulen i år, har dette lenge vore eit forsømt område. Dette er flott, men det betyr ikkje at ein kan kvile på laurbæra. For Venstre er det viktig å stadig arbeide for ein betre skule, og det er framleis mykje å gripe fatt i, skriv Radøy Venstre sin ordførarkandidat Frode Hervik.
18.05.2011Venstretopp vitja Nordhordland
Onsdag 11. mai vitja Venstretopp Mona Hellesnes fleire kommunar i Nordhordland saman med lokale kommunestyrekandidatar.


