| 28.08.2011 · Venstre vil setje ned skuleveggruppe på Radøy - Radøy har mange farlege skulevegar. Venstre vil foreslå at ny trafikksikringsplan må utarbeidast så snart som mogeleg, og at det i den samanheng vert sett ned ei gruppe for å gå gjennom skulevegane. Dette seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat. | |
| 24.02.2011 · Venstre vil avbyråkratisere skulen Tidstjuvar trugar den norske skulen. Stadig meir av lærarane si tid går med til å fylle ut skjema på skjema i staden for å førebu undervisning. Dette går fram både av Stortingsmeldinga om tidsbruk som skal handsamast til våren og frå lærarhald i den offentlege debatten. Etter Venstre si oppfatning er dette urovekkande, fordi det tek vekk fokus frå kjerneoppgåva til skulen, nemleg undervisning. Venstre vil difor avbyråkratisere skulen, seier leiaren i Radøy Venstre,Frode Hervik. | |
| 13.07.2007 · Venstre vil ha sikre skulevegar! Å få flere born til å gå til skulen vil både ha ei helseeffekt og ei miljøeffekt. Men me må ha ei haldningsendring til sikring av skulevegar. Mange stader vert bilen prioritert på bekostning av borna. Dette kan me ikkje godta, skriv fylkesleiar og Radøypolitikar Sølvi Merete Mangerøy. |
Sorter arkivet
Arkivet kan sorteres etter tema som angitt under.


