Mongstad, Noreg og det grøne skiftet

Lesarinnlegg frå Radøy Venstre sin gruppeleiar, Frode Hervik: Rasmus Hansson og Miljøpartiet de grønne vil leggje ned Mongstad. Det vitnar om manglande forståing av kva industriområdet Mongstad er og har potensiale til å verte i framtida, men Hansson har rett i at energibehovet i framtida ikkje kan vere basert på fossile brensler som olje og gass. Ute i den store verda skjer det noe in fornybarrevolusjon, som Noreg berre i liten grad er ein del av på grunn av manglande vilje hjå dei store partia. Les meir…

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I sommar presenterte FN ein rapport som viser korleis dei 15 største landa i verda kan redusere sine klimagassutslepp. Rapporten er eit detaljert vegkart for omlegging av industri, transport og energiforsyning. Medan rapporten skapte store mediaoverskrifter i ei rekkje land, mellom anna i USA, vart den så å seie forbigått i stillheit i Noreg. Mellom anna slår rapporten fast at den grøne omstillinga ikkje lar seg gjennomføre med å erstatte kull med gass, fordi dette ikkje er ei langsiktig løysing og kan hemme utviklinga av fornybare energikjelder. Dette er stikk i strid med regjeringa som i fullt alvor meiner at norsk gass kan bidra til å løyse klimaproblema. Rapporten vil truleg verte eit sentralt moment i nye forhandlingar om ein internasjonal klimaavtale som skal finne stad i Paris til neste år, og kan bety at fossil energi kan vere på veg ut raskare enn kva ein reknar med i dag. Dette vert også underbygd av internasjonale tilhøve. Slik olje- og gassreservane er fordelt i verda, men ein svært stor del på russiske hender, er USA tvinga til å tenkje nytt.

Ja, olje og gass kan truleg utvinnast i hundre år til frå norsk sokkel, men det er ikkje sikkert at det om hundre år er ein marknad for norsk olje og gass. Kva då Noreg? Kva då Mongstad? Svaret er ikkje å tvihalde på fossile brensler. Svaret er heller ikkje å leggje ned Mongstad, som er mykje meir enn eit oljeraffineri. Noreg må derimot verte ein del av det grøne skiftet som skjer i verda, og Mongstad må finne sin plass i dette. TCM spelar ei viktig rolle som testsenter for karbonfangst som kan bidra til ny miljøvennleg teknologi, og det same kan verte resultatet av algeprosjektet som tek mål av seg å utnytte CO2 til produksjon av laksefòr. Industriområdet på Mongstad treng fleire slike gode miljøprosjekt for å verte ein del av eit grønt skifte.

Havvindsatsinga tek av i andre land som til dømes Danmark og Storbritannia, medan Noreg, som har eit enormt potensial, er ei sinke. Då denne satsinga byrja i Europa, stod norske industribedrifter, spesialiserte på produksjon av komponentar til olje- og gassproduksjon, klar til å verte ein del av eit nytt industrieventyr. Mellom desse var Radøy-Gruppen. Dette viser at industrien ser moglegheiter og trengs for å få til eit i eit grønt skifte. Problemet var berre at insentiva var mykje sterkare i andre land, og i Noreg har det så langt ikkje tatt av. Noko positivt skjer likevel. Regjeringa har nemleg no vedteke å endre avskrivingsreglane for vindkraft, slik at rammevilkåra vert dei same som i Sverige, men framleis må det gjerast meir for å få til ei storstilt satsing på «offshore» vindmøller. Industrien står klar, dersom rammevilkåra er til stades.

Kanskje kan industriområdet på Mongstad spele ei viktig rolle framtida også i produksjon av energi baserte på fornybare ressursar. Det betyr ikkje at tida er moden for å leggje ned oljeraffineriet, fordi det vil me truleg trenge i fleire tiår framover. Men Noreg må førebu seg for ei ny tid ved å satse på teknologiutvikling og utbygging av fornybare energikjelder i langt større grad enn i dag.

Frode Hervik,
Gruppeleiar, Radøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**