Sjokkerande mangel på kunnskap og danning i Sp

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete, tidlegare Sp-leiar, var hovudtalar på årsmøtet til Radøy Senterparti, og nytta høvet til å be fylkesmann Lars Sponheim «om å dra ein viss plass» i følgje Strilen (15.11). Sitatet illustrerer både ei sjokkerande mangel på danning og ei kunnskapsløyse om korleis det norske styringssystemet er bygd opp. Når ein tidlegare statsråd og partileiar kan prestere å bomme så grovt, er det berre til å riste på hovudet av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Temaet der sitatet kom var kommunestruktur, og Navarsete vert tydelegvis provosert av at fylkesmannen dreg rundt og informerer kommunane i Hordaland om Stortingsvedtak og den prosessen regjeringa legg opp til i kommunereformsaka. Her gjer fylkesmannen i Hordaland berre jobben sin som statens øvste embetsmann og representant i Hordaland fylke. Sponheim er såleis ikkje lenger politikar, men har som fylkesmann ei administrativ stilling. Å gjere han til skyteskive for kritikk mot reforma er å skyte bodbringaren. Dei fleste stader i verda er det alminneleg folkeskikk ikkje å skyte bodbringarar, men tydelegvis ikkje i Senterpartiet.

Dersom ein er usamd i kommunereforma, må kritikk rettast mot Stortingsfleirtalet og regjeringa bak reforma. Ein kan undrast om Navarsete også kjem med same oppmoding til lokallag i Rogaland, der tidlegare Sp-statsråd Magnhild Meltveit Kleppa gjer same jobben som Sponheim gjer i Hordaland: Reiser rundt til kommunane for å informere om Stortingets vedtak og regjeringa sitt arbeid med tilsvarande bodskap.

Det er elles verd å merke seg at Navarsete sin famøse språkbruk vert referert i same utgåve av Strilen som ein kan lese at Sp er uroa over språkbruken i Facebook-gruppa «Kreativt forum for utvikling av Radøy». Underteikna oppmodar Sp om å feie for eiga dør, og stille same krav til sine stortingsrepresentantar som dei gjer til innbyggarane på Radøy når det gjeld språkbruk i eit offentleg ordskifte. Det er faktisk ikkje akseptabel språkbruk å be folk «om å dra ein viss plass», og ein må i det minste ha lov til å forvente betre av stortingsrepresentantar. Ein må gjerne vere ueinig og diskutere politiske saker, men slike personangrep høyrer ikkje heime i det offentlege ordskiftet.

Frode Hervik,
Leiar, Radøy Venstre

Innlegget stod på trykk i Strilen 18.11.2014

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**